Kvar er dette?

Har du svaret, kan du vinne premie frå NRK!

Kvar er dette?
Foto: Axel Lindahl

Denne gongen tek vi turen litt lenger aust i fylket. Vi skal fram til namnet på eit kommunesenter der vi ein gong fann dette hotellet. Bygningen er i dag privatbustad og hovudvegen er lagt utanom sentrum. Kjenner du deg igjen?

Send inn svaret, og du kan vinne premie. Hugs å skrive postadressa di.

Frist for innsending av svar er onsdag 20. mars klokka 12.

Viss det er problem med innsendinga, kan du bruke denne adressa: vevvandring@nrk.no

Om du har spørsmål eller innspel til konkurransen, send dei til roy.raasholm.fauske@nrk.no

Oppgåver vi har hatt før:

Holmedal med kyrkja
Foto: ukjend

Her ser vi bygda Holmedal, som i dag tilhøyrer Askvoll kommune. Bygda har hatt fleire industriverksemder, men er kanskje mest kjend for produksjonen av Helle-kniven. Gerd Sørebø frå Sandane var blant dei som visste at vi skulle fram til Holmedal. Premie kjem i posten.

Hardbakke i Solund i 1912.
Foto: A. S. Stav,Forenede Fotografer / © Fylkesarkivet

Dette biletet er teke i 1912 og syner Hardbakke i Solund. Det visste blant andre Frode Helgesen frå Vik i Sogn. Han får eit krus i posten.

Turtagrø i vinterskrud.
Foto: ukjend / © Fylkesarkivet

Denne gongen gjekk turen til Turtagrø Hotell i Luster. Det visste blant andre Marius Langballe Dalin frå Førde. Krus kjem til deg i posten.

Videsæter Hotel i 1905
Foto: O. Svanøe

Jon Ottar Hope frå Os visste at dette var Videsæter hotell i Oppstryn. Vi ser nedover Hjelledalen. Premie vert altså sendt til Os denne gongen. Biletet er teke i 1905.

Firda Billag i Førde 1952
Foto: Fotograf Dagfinn Reiakvam

Dette er Førde og den gamle rutebilstasjonen til Firda Billag, som låg i det som i dag vert kalla Sentrum sør. Biletet er frå 1952. Blant dei som hadde rett svar har vi trekt ut Vigdis Bakken frå Sogndal. Premie kjem i posten.

Rugsundstraumen
Foto: Harstad Kunstforlag

Her ser vi Rugsundstraumen i Bremanger. Det visste blant andre Helge Grimsland frå Hosteland. Han får ein premie frå oss.

SFFf-198 003SFFf-198 003: Høyanger med verket 1950-tal(?)
Foto: Normann / www.fylkesarkiv.no

Norvald Rinde frå Feios visste at vi denne gongen skulle fram til Høyanger. Han får premie i posten.

Firda Gymnas 1960-talet.

Her ser vi Firda gymnas på Sandane ein gong på 1960-talet. Premie denne veka går til Liv Sagerøy frå Kyrkjebø.

Eidsgata ca. 1920
Foto: Isak Hellebust © Fylkesarkivet

Dette biletet er frå Eidsgata på Nordfjordeid. Ei av dei travlaste handlegatane i si tid. Det visste Terje Holmøy frå Hamar. Premie kjem i posten. Biletet er teke rundt 1920.