Hopp til innhold

Jubla av glede over ny jobb – måtte halde det hemmeleg i eitt døgn

Bodil Kvamme (58) er tilsett som ny teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater.

Bodil Kvamme

NY TEATERSJEF: Bodil Kvamme blir ny teatersjef ved Sogn og Fjordane teater frå januar 2016.

Foto: Pressefoto

– Eg har vel visst om dette i vel eitt døgn, men måtte halde på hemmelegheiten til no. Det har vore vanskeleg – eg er jo yr av glede. Men eg har vore flink pike og ikkje sagt noko, ler Bodil Kvamme.

Ho blir den nye teatersjefen ved Sogn og Fjordane teater frå 1. januar 2016, og dermed arvtakar for noverande teatersjef Terje Lyngstad.

– Eg synest det er heilt fantastisk. Heilt utruleg. Dette blir veldig spennande, seier ho til NRK.no.

Vil vidareføre ting frå forgjengaren

Stillinga er eit åremål på fire år, og Kvamme tek til i jobben først om litt over eitt år.

Kvamme er utdanna ved Universitetet i Bergen, Universitetet i Århus og ved Hochschule für Musikk und darstellende Kunst – Max Reinhardt Seminar. Ho har sidan 1986 arbeidd som frilans dramaturg, og sidan 1998 som sceneinstruktør.

Kvamme har vore knytt til produksjonar ved ei rekke institusjonar i Norge, mellom anna Agder Teater, Den Nationale Scene, Det Norske Teatret, Nationaltheatret, NRK, Riksteatret, Rogaland Teater og Trøndelag Teater.

Ho har sidan 2004 vore dramaturg ved SoFt, og vore den næraste kunstnariske medarbeidaren til dagens teatersjef, Terje Lyngstad.

– Han har gjort ein veldig fin jobb, så det er nok ting frå hans tankar og det han har gjort som eg vil vidareføre. Ikkje minst dette med å setje kvalitet og profesjonalitet høgt, seier Kvamme.

Ønskjer å vise fram både lokale og internasjonale ting

Styreleiar Håkon Fimland meiner SoFt har fått ein teatersjef som både har fagleg tyngde, og som har lang og brei røynsle frå arbeid med teater.

– Bodil Kvamme er ein lagspelar som er svært motivert for jobben. Ho har eit sterkt nettverk, og har arbeidd tett med avgjerdstakarar i mange ulike teatermiljø i Norge. Kvamme har presentert mange spennande og nyskapande prosjekt for styret. Det er òg positivt at ho er glad i teateret og kjenner både det og fylket godt, seier Fimland i ei pressemelding frå Sogn og Fjordane teater.

Sjølv trur Kvamme det vil bli spennande å finne tema som er både aktuelle og engasjerande – noko forgjengaren Lyngstad har blitt kjent for å gjere.

– Det er 100.000 menneske i Sogn og Fjordane, og då er det sikkert også 100.000 historier her. Vi må berre finne fram til dei rette historiene, seier ho.

– Også verdsdramatikken har mange spennande historier. Eg har eit ønske om at vi skal sjå både lokale og internasjonale stykke på teateret, seier Kvamme.