Hopp til innhold

Kva vil du spørje Venstre om? Send inn dine spørsmål!

I ettermiddag er det Gunhild Berge Stang frå Venstre som skal spørjast ut på direkten i NRK Sogn og Fjordane. Har du spørsmål til toppkandidaten?

Erlend Blaalid Oleide og Gunhild Berge Stang

DIREKTE: I ettermiddag klokka 16 er det Gunhild Berge Stang frå Venstre som skal svare for seg. Utspørjar er Erlend Blaalid Oldeide

Vallogo

Gunhild Berge Stang er fylkesleiar i Sogn og Fjordane Venstre. Ho er også fylkesordførarkandidat.

Kva er dei viktigaste sakene for Venstre? Utspørjinga kan du følgje direkte i P1, nettradio eller nett-TV frå klokka 16 til 16.30 måndag.

Vi kjem til å plukke ut nokre få spørsmål frå publikum, og det er fleire måtar du kan kontakte oss i NRK på, dersom du har spørsmål til ein eller fleire av kandidatane:

  • Bruk emneknaggane #nrksf, #nrkvalg og #nrkval

  • Send oss ein SMS med kodeord SF til 1987