Hopp til innhold

Kva vil du at KORK skal spele?

I haust kjem Kringkastingsorkestret til Sogn og Fjordane for å spele på Gloppen Musikkfest. No kan du vere med å bestemme kva dei skal spele under besøket sitt.

KORK med sjefdirigent Miguel Harth-Bedoya

YNSKJESONG: KORK skal innom fleire stader i fylket og vil at folk skal dele sine musikkønskje og historier.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss/NRK

– Har du noko som du drøymer om å høyre med heile norges symfoniorkester? Det kan vere klassisk, med solistar eller kanskje eit melodiønskje frå ein heilt annan sjanger? Då har vi lyst at du sender oss ditt ønskje, seier Hanne Oftedal som er festivalsjef i Gloppen musikkfest.

Kringkastingsorkestret skal spele ein stor konsert i Trivselshagen på Sandane under festivalen i september i år. Men dei skal også gjere mindre konsertar med små grupper av musikarar rundt om i fylket.

Både Sogn, Sunnfjord og Nordfjord får besøk i veka fram mot den store konserten.

Mykje av det musikalske programmet er alt klart, men KORK har no lyst på melodiønskje frå publikum.

Krevjande logistikk

Hanne Oftedal og Nora Taksdal

ØNSKJER: Hanne Oftedal (t.v.) i Gloppen Musikkfest ønskjer til konsertane med KORK i Sogn og Fjordane til hausten. Her er ho avbilda under ein tidlegare festival saman med Nora Taksdal i KORK.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

KORK har berre vore i Sogn og Fjordane ein gong tidlegare. Den gongen spelte dei i Operahuset Nordfjord. Oftedal seier det er stort å få dei tilbake til fylket og til Gloppen musikkfest.

– Det er eit stort løft å på mange måtar. Mellom anna fordi dei er mange musikarar, og at det er krevjande logistikk rundt besøket. Ei ekstra utfordring er det når musikarane skal flygast til ulike stader i fylket for småkonsertar i dagane før storkonserten, seier Oftedal.

Gler seg til besøk

Kringkastingsorkestret gler seg til å få komme attende til Sogn og Fjordane. Orkestersjef Rolf Lennart Stensø seier det er fantastisk å vere så ønska som dei opplever det denne gongen.

– Gloppen er jo ein flott plass med fantastisk natur. Nærast som Norge i eit nøtteskal. Så vi gler oss veldig til å ta turen, seier Stensø.

KORK har hatt stor suksess med ynskje frå publikum tidlegare, og sjefen håpar no at folk engasjerer seg stort og sender inn ønskjer om sin draumemusikk.

Gode historier

Kunstnerisk leder og primus motor i Bodø Sinfonietta, Rolf Lennart Stensø

GLER SEG: KORK har hatt stor suksess med slike ynskje frå publikum tidlegare, og sjef for orkesteret, Rolf Lennart Stensø gler seg til å få besøke fylket med ønskjelåtar i bagasjen.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

Alle typar ønskjer er velkomne, men arrangørane set ekstra pris på gode historier.

– Vi har lyst til at dei som sender oss sine ønskjer også knyter til ei historie om kvifor dei har lyst å ønskje akkurat den melodien, seier Hanne Oftedal.

For å levere inn ønskje kan du sende ein e-post til sf@nrk.no som du merkar med KORK-ønskje, eller til facebooksida til NRK eller Gloppen musikkfest.