Hopp til innhold

Kva tenkte du her, Tarjei...

Eitt mål hadde vore nok til at Sogndal sikra direkte opprykk. Men Tarjei Dale brende den store sjansen.

Tarjei Dale

SKUFFA: Tarjei Dale held seg til hovudet etter at keeper redda skotet hans. Ei scoring hadde sikra Sogndal opprykket.

Foto: Rune Fossum/NRK

- Kva skal eg seie? Det var den største sjansen vi hadde, og det hadde vore kjekt om den gjekk inn. Men det gjorde den ikkje, seier Tarjei Dale.

Sjå bileta frå kampen Hønefoss - Sogndal

Ikkje gode nok i krigen

Saman med resten av laget sleit spissen veldig med å komme til dei heilt store sjansane i seriefinalen mot Hønefoss.

Det var heimelaget som køyrde kampen, og Sogndal hadde i lange periodar nok med å forsvare seg. Særleg tok Hønefoss kontrollen på midtbana.

Og bak tok stopparduoen Christer Ellefsen og Frode Lafton seg av det meste Sogndal prøvde seg på.

Keeper stod i vegen

Men: Midtveges i andre omgang kom Sogndals store sjanse. På eit flott innlegg frå høgrekanten storma Tarjei Dale fram og sette breisida til.

Ballen hadde kurs mot nettet - men der var keeper Thomas Solvoll på plass med eit tigersprang.

- Eg synest det var ei grei avslutting. Men keeper var god. End of story, konstaterer Dale.

Må ut i kvalik

Sjølv vart spissen ståande igjen framfor mål og fortvile. Det skulle vise seg at sjansen vart Sogndal store moglegheit til å slå Hønefoss og dermed rykkje direkte opp til eliteserien.

For det vart 0-0 på Aka arena. No må Sogndal ut i kvalifisering igjen.

- Det er trist. Det betyr mykje for mange. Men no får eg ikkje gjort noko med det. Det er slik fotballen er, seier spissen.

Trur på opprykk

Neste oppgåve for Sogndal blir fredagens kvalik mot Kongsvinger på bortebane.

- Då set du slike sjansar i mål?

- Eg håpar det. No har vi eit lodd til, og det skjal vi vinne på, seier Dale.