Hopp til innhold

Kva skal Robbie Williams i Florø?

Han vil visst kome sjølv - men kva skal han der?

Robbie Williams
Foto: MATE NANDORFI / AP

- Vi er i dialog med mangementet, og Robbie har sjølv sagt han vil til Florø, seier Per Øyvind Helle til Firdaposten.

I følgje Helle har superstjerna ei gamal klasseveninne i Florø-området, og ho kan vere med og lokke Robbie Williams til FotballFlora, fotballfestivalen som går av stabelen 11. og 12. juli i år.

- Ho er veldig oppsett på å få dette til og me har tru på ho, seier Helle til NRK.

Norgesven?

- Han er ofte i Bergen inkognito fordi han jobbar med musikkprodusentar der, hevdar Helle å vite.

- Han likar seg i Norge og difor prøvde me å få han hit til fjorårets festival for å halde konsert for det engelske all star-laget me hadde her då. Det gjekk ikkje i fjor, men i år skal me få tak i han, seier Helle. Som samtidig understrekar at han Williams-besøket ikkje er i boks enno.

Fotballinteressert

Det som også talar til Florø sin fordel er at Williams er svært fotballinteressert og støttar det engelske laget Port Vale.

FotballFlora har vorte eit årleg arrangement der gamle Liverpool-stjerner som Bruce Grobbelaar og Phil Neal spelar ein oppvisningskamp. I fjor var det gamle engelske landslagsstjerner på motsett banehalvdel, i år blir det norske.

- No har Liverpool vunne alle åra. Kanskje Norge kan gje dei kamp. Vi satsar på å få Ole Gunnar Solskjær til Florø, seier Helle til Firdaposten.

Ei som heilt sikkert kjem er årets idoldommar Mariann Thomassen. Stryningen tek med seg bandet sitt Surferosa til Florø under FotballFlora.