Kva skal radiosendingane heite i nye Vestland fylke?

NRK Flora? NRK Velstand? Eller kva med NRK Ville Vesten? Lyttarane får kome med innspel til kva radiosendingane frå Sogn og Fjordane og Hordaland skal heite etter nyttår.

Tone Lin Støfring Skovro og Stian Sjursen Takle

HELD FRAM: Programleiarane Tone Lin Støfring Skovro og Stian Sjursen Takle skal framleis ha sendingar frå Førde, men sendingane får kanskje nye namn.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Hordaland og Sogn og Fjordane sluttar å eksistere og vi blir Vestland. Då syntest vi det var rett å sjå på namna våre, slik at vi frå nyttår kan ønske velkomen til publikum med meir passande namn, fortel distriktsredaktør i NRK Hordaland, Dyveke Buanes.

Frå nyttår blir Vestland fylke ein realitet. Dei lokale radiosendingane til NRK skal framleis sendast frå Førde og Bergen som i dag – men med nye namn.

Dyveke Buanes og Terje Gilleshammer

FLEIRE SAMSENDINGAR: Sendingane frå Førde og Bergen skal halde fram, men det vil bli fleire samsendingar når det er journalistisk motivert, fortel distriktsredaktør i NRK Hordaland Dyveke Buanes og distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane Terje Gilleshammer.

Foto: NRK

– Vi er ikkje heilt sikre på kva sendingane skal heite, og kanskje skal vi ha dei same namna som i dag. Men vi har lyst til å prøve å finne ut kva er det beste namnet vi kan ha på sendingane i eit Vestland i framtida, seier distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, Terje Gilleshammer.

Ber om innspel

Ei eiga arbeidsgruppe ser no på ulike alternativ. Dei søkjer innspel frå mange hald – også frå publikum.

Derfor blir lyttarane i dag inviterte til å kome med namneforslag i ettermiddagssendingane til NRK Sogn og Fjordane og NRK Hordaland.

– Vi har trua på at vitet er godt fordelt rundt om. Mange kan ha gode idear og tankar som vi bør lytte til, seier Gilleshammer.

Øyvor Bakke og Espen Hatlestad i studio

FÅR NYTT NAMN: Programleiarane Øyvor Bakke og Espen Hatlestad får kanskje sendingar med nye namn etter nyttår.

Foto: KJELL JORAN HANSEN

– Kva skal dei nye namna reflektere?

– I dag er det slik at det er veldig knytt opp til geografi, men kanskje skal det ikkje vere slik i framtida. Slik sett er eg litt misunneleg på kollegaene våre i Rogaland som har innarbeidd namnet «Lokalen», der geografi ikkje er inne i bildet, seier Buanes.

Folk på gata i Førde og Bergen har mange gode idear: Storm, NRK Flora, Rein kommune, NRK Velstand og Ville Vesten. Andre synest det er greitt å halde på dei namna som er.

Bjørg Nielsen

KAN BEHALDE NAMNA: Bjørg Nielsen meiner det er ei grei løysing å ha namna som dei er i dag.

Foto: NRK

– Det kan dei òg, for det er vi kjende med. I vår alder er vi litt vande med det gamle, sjølv om vi liker å få nyare ting, seier Bjørg Nielsen i Bergen.

Fleire samsendingar

Distriktsredaktørane meiner sendingane bør reflektere at Sogn og Fjordane og Hordaland blir eitt fylke.

– Vi kjem til å ha sendingar frå Førde og frå Bergen, og samsendingar når det er journalistisk motivert – slik vi til dømes hadde i valkampen, seier Gilleshammer.

Ettermiddagsendingane skal dessutan gjennom ein vask, fortel Buanes.

– Det betyr at det framleis skal vere til å kjenne igjen for dei som høyrer på oss om ettermiddagen. Men det er sunt å sjå på kva som fungerer i dag og kva vi kan gjere for at det skal bli enda betre for publikum.