– Her har vi tre variantar av namnet. Det eldste er «Stad», så har vi ein mellomvariant med «Stadt» og den siste forma «Statt», seier den pensjonerte norsklektoren Kjell Nøstdal.
Vågsøy, Selje og Vanylven kommunar kan bli ein ny storkommune og ønskjer å kalle seg «Stad» eller «Statt».
- Les også:
Skrivemåte av namnet
Forslaget i intensjonsavtalen mellom Vågsøy, Selje og Vanylven er å skrive namnet «Statt». Det får den pensjonerte lektoren til å reise bust.
– Det er eintydig at den opphavlege skrivemåten var Stad.
– Byrjar det å klø litt når du ser Statt?
– Sjølvsagt, som gamal raudpenn-mann gjer eg det, seier Nøstdal.
Innsnevring av geografisk område
Språkrådet har ei rådgjevande rolle i namnevala og har alt kommentert fleire namn dei ser på som uheldige. Eit døme er «Gudbrandsdal kommune» som er foreslått som namn eit fåtal av kommunane i nettopp Gudbrandsdalen. «Sunnmøre kommune», som namn på Ålesund og omland, er eit anna.
– Vi tykkjer det er problematisk å velje eit namn som snevrar inn området, eller som gir det ein uheldig dobbeltfunksjon, seier seksjonssjef Daniel Ims i Språkrådet.
Så kva då med namnet «Nordfjord kommune» på Gloppen og Eid, som er to av sju nordfjordkommunar?
– Det verkar uheldig. Det vil nettopp vere ei slik uheldig innsnevring av området.
Heller ikkje kompromiss, som «Stryn og Hornindal» eller «Gloppen-Eid», er gode, meiner Språkrådet.
– Særleg bindestreksalternativet vil vi ikkje tilrå. Namnet ser vi har mykje med identiteten til folk å gjere, og difor vekkjer det nok sterke reaksjonar.
Kjell Nøstdal er frå Selje, men har budd på Eid sidan 70-talet. Han gir ikkje tommel-opp for namnet på ein ny kommune med Gloppen og Eid som er tenkt å bli «Nordfjord kommune».
– Det synest eg lite om. Å kalle ein avgrensa del av Nordfjord for «Nordfjord» er ikkje rett.
- Les også:
– Namnet er ikkje hogge i stein
Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad høyrer på råda som vert gitt.
– Førebels ligg det, og vi lyttar til innspel. Det er ikkje noko som er hogge i stein, enno, seier Gloppestad.
Han vil ta med seg råda frå Språkrådet.
– Vi har fått ein god debatt om «Nordfjord» og betydninga av Nordfjord som merkenamn. Det skal vi ikkje undergrave.
Språkrådet er klare på at kommunane må vera tidleg ute for å løyse namneflokane.
– Vi vil gje klart råd om å bruke eit eksisterande namn, gjerne eit namn som allereie er kommunenamn. Når det gjeld det å velje områdenamn, vil vi gje eit klart råd om å ikkje ta eit namn som snevrar inn området vesentleg, seier Ims.