Normal

Kva skal hytta heite?

Skålatårnet får selskap av ei heilt ny hytte på taket av Nordfjord, og før opninga må ho få eit namn.

Skåla, Loen

TAR FORM: Den nye hytta, like nedanfor det gamle Skålatårnet, skal opne i haust og sørge for at fleire turistar kan overnatte på den kjende toppen 1848 meter over Nordfjorden.

Foto: Anders Hereid/Screen Story AS

Mange har besøkt det gamle, runde tårnet på toppen av Skåla i Loen, men frå i haust skal det bli plass endå fleire besøkande på 1848 meter over havet. Arbeidet med å bygge ei ny fjellhytte på Skåla har byrja å ta form, og no er spørsmålet kva denne nye hytta skal heite.

Helene Ødve er dagleg leiar i Bergen og Hordaland turlag, og dei har no sett igang ein konkurranse der folk kan bidra med forslag til namn på den nye hytta.

– Vi meiner dette er Norges mest spektakulære bygg, og det krev eit spektakulært namn. Vi ønsker å få med oss folk til å komme med forslag til namn på turisthytta der oppe, seier Ødve.

– Falk eller ørn

Sjølv om konkurransen byrja først i dag, har det kome inn mange forslag på Facebook-sida til turlaget.

– Det har kome mange gode forslag og mange sprø forslag.

På Facebook har dei lagt ut nye bilete av hytta, til inspirasjon for dei som vil bidra med namneforslag.

– Bilda av hytta og toppen tar heilt pusten av deg, så eg oppfordrar til å gå inn og sjå, seier Ødve.

Ho skal no vere med i juryen som skal kåre vinnaren av konkurransen, så ho vil ikkje delta sjølv. Likevel har ho ein assosiasjon kanskje kan bli eit forslag.

– Arkitekten har lagt hytta ned i terrenget på ein veldig fin måte, slik at det ser litt ut som ein falk eller ei ørn med vengene ute, som skal til å lette. Kanskje det er eit namneforslag, seier ho.

Det gamle tårnet tronar øverst

Det er bevaring av det gamle tårtet, i tillegg til den store pågangen av overnattingsgjestar, som gjorde at det vart behov for ei ny hytte.

Men det gamle Skålatårnet skal framleis trone øverst på fjelltoppen.

– Skålatårnet er eit fantastisk kulturminne frå slutten av 1800-talet, og viktig for oss å ta vare på. Det nye bygget skal supplere, og det ligg fint og harmonisk litt nedanfor tårnet, seier Ødve.

Vegopning på Bergum i Førde kommune