Hopp til innhold

Dette bør du gjere om du kjem først

Vegen framfor deg kan plutseleg vere stengd av ein vegg med snø, av jord og store tre eller av steinar store som bilar. Då er det viktig at du handlar rett.

Steinras, snøskred og jord og tremassar i vegen

KVA SKAL DU GJERE? Det er mange rasfarlege punkt på vegane på Vestlandet. Steinras, snøskred og jord og tremassar i vegen er noko bilistane kan risikere å møte på.

Foto: Montasje: NRK/Tor Erik Hoddevik/Henrik Aardalsbakke

I snitt går det minst eitt ras kvar einaste dag, på ein eller annan veg i Norge. Det kan vere alt frå småstein til steinblokker store som hus, eller snø eller jordskred som er så store at det fleire dagar å rydde det.

Mange kan difor plutseleg bli dei som kjem først til staden. Då kan det vere lurt å ha tenkt over kva ein skal gjere.

– Noko av det viktigaste er å tenkje på eigen tryggleik, seier Per Ove Fossheim som er prosjektleiar i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane.

– Kom deg vekk og stogg andre bilistar

For mange er det den store skrekken å komme midt inn i eit skred. Nokre gonger går det skikkeleg gale, og i perioden frå 2001 til 2011 var det i snitt ein person som miste livet i ras langs vegane kvart år.

Dei siste vekene har det vore nære på fleire gonger langs vegane i Sogn og Fjordane. På riksveg 15 i Stryn køyrde ein ekspressbuss inn i eit stort ras, men alle passasjerane kom uskadde frå det.

Til alt hell går det som oftast bra. Då også fordi dei som kjem til rasområdet som førstemann får varsla naudetatar og Vegvesen, og i tillegg at dei greier hindre andre i å køyre rett inn i området.

– Når folk kjem først på ein slik plass er det viktig at dei hindrar andre å køyre inn i området. Folk bør tenkje på eigen tryggleik, dei bør trekkje seg tilbake og finne ein trygg plass der bilen kan stå, seier Per Ove Fossheim i Vegvesenet.

Det er om å gjere å handle fortast mogleg.

– Ein bør raskt få på naudblinken på bilen. Sett gjerne opp varseltrekant for å varsle andre, og stogg andre bilar som er på veg inn i området, seier Fossheim.

Bussen står midt i raset

MIDT I RASET: Denne ekspressbussen hamna for nokre veker sidan midt i eit ras på riksveg 15 i Stryn. Alle om bord kom seg velberga frå det.

Foto: Terje Gilleshammer

Varsle om det du ser fortast mogleg

Det neste er å varsle. Er det mistanke om at folk eller bilar er tekne må ein varsle politi eller AMK raskast mogleg. Dei vil vite kva som har skjedd og kor det har skjedd.

– Om folk kjem til ein stad der det har gått skred og det er mistanke om at folk eller bilar er råka, då må folk raskast mogleg varsle anten oss i politiet eller AMK, seier operasjonsleiar Einar Vereide ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet er lokal redningssentral og organiserer eventuelle søk etter folk og bilar.

– Vi varslar vidare og vurderer kva ressursar som er tilgjengeleg, og kva ressursar som er mogleg å bruke under dei forholda som er. Deretter sender vi dei raskast mogleg til staden, seier Vereide.

Politiet har også kontakt med Vegtrafikksentralen, Vegvesenet og deira geologar.

– Så lenge vi ikkje veit om folk eller bilar er råka handterer vi det som at nokon kan blitt tekne. Så lenge det er ein liten mistanke, handlar vi ut frå det, seier Vereide.

Dette blei mellom anna gjort då store steinar dundra i vegbana på riksveg 55 mellom Leikanger og Sogndal for nokre veker sidan.

– Ring 175

Per Ove Fossheim

TRYGGLEIK: Per Ove Fossheim i Statens vegvesen seier det er viktig at folk tenkjer på eigen tryggleik når dei kjem til eit skredområde.

Foto: Randi Indrebø / NRK

Om det ikkje er mistanke om at bilar eller folk kan vere råka av raset, er det Vegtrafikksentralen som må varslast. På same måte som varsling til politi og AMK, vil dei vite kva som har skjedd og kor det har skjedd.

– Det er veldig viktig at folk varslar om det dei kjem opp i. Vegtrafikksentralen kan varslast på telefonnummer 175.

– På den måten kan dei raskt varsle entreprenør som kan kome seg til staden.

– Entreprenøren vil saman med oss i Vegvesenet vurdere situasjonen i forhold til rydding og eventuell opning av vegen, seier Fossheim.

I mange tilfelle kan det vere vanskeleg å få oversikt over omfanget av skredet. Er det i tillegg mørkt er det ikkje alltid like enkelt å vite om folk eller bilar kan vere tekne. Men det viktigaste er å varsle om det som har skjedd.

– Då kan til dømes politiet gjere risikovurderingar og avgjere kva som skal skje med tanke på eventuelle søk, seier Fossheim.

Ras over E39 i Våtedalen

SPERRA VEGEN: Ofte er snørasa så store at dei sperrar vegen fullstendig. Biletet er frå eit større snøras over E39 i Våtedalen i Jølster.

Foto: Tor Erik Hoddevik

– Ikkje rydd vegen på eiga hand

Fossheim understrekar også kor viktig det er at folk ikkje byrjar rydding av skred og steinsprang på eiga hand.

– Det er viktig at folk ikkje startar rydding sjølve. Ofte kan eit lite skred vere starten på noko meir, og ryddar ein det vekk, og i tillegg ikkje varslar, kan ein setje andre folk i fare.

– Det er veldig viktig at det folk oppdagar på vegane av skred og liknande ting blir varsla vidare, understrekar han.

Men kva då om ein kjem køyrande i dagslys og det ligg eit par steinar i vegen. Det er mogleg å køyre forbi om ein flyttar litt på steinane. Skal ein då gjere det?

– Det er ei vanskeleg vurdering. Men i utgangspunktet er det Vegvesenet og entreprenørane som har ansvaret for rydding, og vurderinga i forhold til opning av vegen, seier Fossheim.

– Bilisten må vere sikker på at det er trygt og må vurdere denne situasjonen sjølv, seier Fossheim som helst ser at bilistane varslar Vegtrafikksentralen uansett.

Vil bli varsla om alt

Dette er også viktig for at Vegvesenet skal sitte på godt nok grunnlag når dei skal bestemme kva vegar som bør rassikrast først.

– Skred, steinsprang og slike ting blir lagt inn i eit register. Det registeret blir igjen grunnlaget for prioriteringa for skredsikring.

– Om det er ein stein, skred og nedfall som ikkje blir registrert, kan det gjere at vegar som burde vore prioritert høgare på lista ikkje blir registrert med den aktiviteten som er der, seier han.

Ras mellom Davik og Isane

SKREMD: Då dagslyset kom såg ein omfanget av raset som Leidulf Isene hadde køyrt rett inn i midt på natta.

Foto: Bjørn Kenneth Forsberg

Køyrde rett inn i store jord og stein

Ein av dei som har opplevd å komme først til eit ras er Leidulf Isene i Bremanger. For to år sidan var taxisjåføren på veg for å hente folk på eit julebord då han køyrde inn i eit jord- og steinras.

– Det var mørkt, vegen var våt og svart. Då eg innsåg at eg køyrde inn eit ras måtte eg berre trakke på bremsa, men vegen var sleip av mold og jord, fortalde Isene til NRK.no den gong.

– Folk kan bli oppkava

To år etterpå sit opplevinga friskt i minne.

– Det er klart ein blir litt meir skeptisk i etterkant av slike hendingar, seier han til NRK.no.

Han er svært glad han var åleine bilen den gongen. Isene kom seg raskt ut, og flytta seg vekk frå raset.

– Eg kjente entreprenøren som hadde strekninga, så eg ringde til han, fortel Isene og meiner å hugse at han også kontakta Vegtrafikksentralen.

– Det er mange som ikkje veit kven som har kontraktane på vedlikehaldet, så det er best å ringe til 175, seier han.

– Er det like lett å hugse kven ein bør ringe når ein står midt oppi det?

– Det er klart nokon vil vel kunne bli oppkava og på panikk, det kjem an på kor alvorleg det er, seier Isene.

Ryddar ikkje skred i mørke

Mange skred går om kveld og natt, og som ein generell regel blir slike skred ikkje rydda før neste dag.

– Skjer det ting om natta blir det i utgangspunktet ikkje rydda før det er dagslys. Vi må først vurdere sleppområdet, ofte med geolog, seier Per Ove Fossheim i Vegvesenet.

– Om entreprenøren som kjem til staden ser at det som har kome ned på vegen berre er noko småtteri, og vedkommande ser kor det kjem frå, så kan det bli rydda der og då. Men dette er vurderingar som blir gjort i kvart enkelt tilfelle, seier han.

– Prøv å gje ei god skildring

Han ber folk om å prøve å få med seg kva som har kome ned i vegen, men det må skje utan at dei blir verande i området.

– Ikkje bli ståande med bilen to meter ifrå for å lyse inn i raset. Snu, eller rygg tilbake til ein trygg plass, og så kan du prøve skildre det du ser når du varslar om hendinga.

– Er det store steinar, små steinar mange eller få. seier han som eit eksempel.

– Gå heller aldri inn i til dømes eit snøskred for å leite etter folk på eiga hand. Snakk med politiet som vil kunne fortelje deg kva du skal gjere, seier Fossheim.