NRK Meny
Normal

Sei di meining om jordbruksoppgjeret!

Kamplystne og opprørte bønder aksjonerer etter brotet i jordbruksforhandlingane. No kan du seie di meining om landbruksoppgjeret.

Per Hilleren, Bjørn Lødemel og Frank Willy Djuvik

KLARE TIL DEBATT: Per Hilleren i bondelaget, Bjørn Lødemel frå Høgre og Frank Willy Djuvik frå Framstegspartiet kjem for å seie meininga si og svare på spørsmål frå radiolyttarane.

Foto: Johan Moen, Geir Bjarte Hjetland og Alf Vidar Snæland / NRK

For årets jordbruksforhandlingar har sett sinna i kok hos bønder i heile landet. I dagsendinga til NRK Sogn og Fjordane opnar vi for at folk kan ringe inn, stille spørsmål og seie si meining.

Kva tykkjer du om tilbodet frå staten? Kva slags konsekvensar får det? Blir landbruket rasert med den nye regjeringa? Støttar du bøndene eller likar du ikkje måten dei aksjonerer på?

Frank Willy Djuvik (FrP) og Bjørn Lødemel (H) kjem i studio for å svare for regjeringa sin politikk. Bondelagsleiar Per Hilleren stiller også i studio for å svare for bøndene sine krav og aksjonar.

Du kan allereie no stille spørsmål. Send det inn på epost til sf@nrk.no eller send ei tekstmelding til 1987 med kodeord SF. Fredag kan du også ringe inn spørsmålet ditt på telefon 57724242.

Du kan også stille spørsmål via Facebook eller Twitter? Merk det du skriv med #nrksf, så tek vi kontakt med deg.

Følg debatten i dagsendinga fredag 16. mai frå klokka 14:30.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote