Det gjorde i alle fall Hans Jakob Reite frå Førde no i haust. Vi var med han på tur nr. 49.
Då var det fint vær, tørt og ikkje så kaldt. Men det har vore mange sure turar opp Hafstadkleiva i øsande regnvær.
–Eg har ikkje sagt det til så mange kva eg driv med, ler han.
Sjå video frå den nest siste turen lenger nede.
(Artikkelen held fram under biletet)
Fire gonger til Mount Everest
Han har rekna ut at høgda tilsvarar 4 gonger opp på Mount Everest. Det skal ein god motivasjon til for å orke å gå same plassen nesten kvar dag.
For det er ikkje den lettaste turen Hans Jakob har valt. Det er ei bratt stigning opp til toppen av Hafstadfjellet. Det er løypa som på folkemunne blir kalla bystien. Så tek han turen ned att om Hundsrasta og vidare langs Bekkja-vatnet og ned. Han har variert nedstigninga, men turen opp har vore den same kvar gong.
–Eg måtte ha eit prosjekt då kona reiste til Japan.
Nøgd kone
Det vanlege er å legge ut slike ting på Facebook og fronte kva ein gjer. Men dette såkalla prosjektet hans har skjedd i det stille. Ein av turane møtte han kjentfolk på toppen som ville skrive han inn i boka. Det hadde han slettest ikkje lyst til. Han ville ikkje at folk skulle vite at han dreiv med prosjektet sitt.
Han har no klart tur nr. 50, og kona var nøgd med at han hadde gått ned 7 kg på to månader. Siste turen tok han laurdags morgon kl. 07. Den var ulik alle dei andre 49 med at han gjekk ned att den bratte Hafstadkleiva, altså same vegen ned som opp.
Men det mest gledelege er nok likevel at han har fått ganske mykje betre kondisjon. Det merkar han ved at pusten fort går ned att til normalt når han stoppar opp i bakkane.
Sjå videoen, så får du vite korleis den nest siste turen gjekk: