Hopp til innhold

Kva gjer dei vraka ordførarane no?

Sju ordførarar i Sogn og Fjordane må i desse dagar ut å leite etter ny jobb. Dei ville halde fram å styre ordførarklubba, men vart vraka av veljarane.

Bente Frøyen Steindal

VRAKA: Bente Frøyen Steindal vart vraka til fordel for Høgre sin Bengt Solheim Olsen. I løpet av valkampen har ho sett rett ut på ein stor plakat av han like utanfor vindauge på ordførarkontoret.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

No ventar jobbane som mellom anna sjukepleiar, politi, kyrkjeverje, undervisningsinspektør og banktilsett. Det betyr store forandringar, og nokre av jobbane er gjerne ikkje like sikre lenger.

Avtroppande Flora-ordførar Bente Frøyen Steindal har permisjon frå Sparebanken Flora og Bremanger. Men den eksisterer ikkje lenger.

– Barnebarnet mitt på fire og eit halvt spurde meg om eg skulle tilbake i bankjobben. Ja, sa eg. Men det går vel fint, meinte han. Då kunne vi raske med oss litt pengar, som han sa, ler Frøyen Steindal.

Jobben hennar finst ikkje lenger

Ho er en av dei sju ordførarane i fylket som ville halde fram i ordførarvervet, men som fekk nei av veljarane.

NRK møter ho på kontoret i Florø. Ho peikar på barnebarna på bileta og fortel om reaksjonane etter valet. Snart skal verken ho eller bileta vere her lenger.

Utanfor rådhuset heng ein stor plakat med Høgre-mannen Bengt Solheim Olsen som står klar til å ta over kontoret.

– Det er heilt greitt det. Det er slik det er når du er med på dette spelet. Då må eg vere budd på at det ikkje alltid går som ein hadde tenkt, seier Frøyen Steindal (Ap).

I ni år har ho vore ordførar i kystbyen. Like lenge har ho hatt permisjon frå jobben i Sparebanken Flora og Bremanger. Det er ikkje ein jobb ho kan gå tilbake til, for den finst ikkje lenger.

– Eg var avdelingsleiar for daglegbank, men det er det jo omorganisert og endra på alt. Så eg kjem ikkje tilbake til det, men vil diskutere med bankleiinga kva dei kan bruke meg til. Så vi får sjå kva framtida bringer, seier Frøyen Steindal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sonja Edvardsen

SJUKEPLEIAR: Ap-ordførar i Eid, Sonja Edvardsen går tilbake til jobben på Eid Eldretun.

Foto: NRK

– Det blir ein stor overgang

Og det er fleire ordførarar i fylket som må gjere som Frøyen Steindal. I tillegg til Flora vart også dei sitjande ordførarane i Eid, Selje, Gulen, Solund, Balestrand og Hornindal vraka av veljarane. I Eid skal ordførar Sonja Edvardsen (Ap) tilbake til gamlejobben.

– Eg skal tilbake til jobben som sjukepleiar ved Eid eldretun der eg har hatt permisjon medan eg har vore ordførar.

– Korleis ser du på det?

– Eg har på mange måtar sakna yrket mitt, så sjølv om eg synst det har vore kjekt å vere ordførar, så skal det bli ei ny tid framover no. Det er eg innstilt på, seier Edvardsen.

For mange vil det vere tøft å gå frå ei stilling med makt og posisjon til ein vanleg arbeidsdag.

– Det blir jo ei stor utfordring og ein stor overgang å gå over til vanleg arbeid att, vedgår Edvardsen.

Har to jobbar å gå tilbake til

Gunn Helgesen

VEIT IKKJE: Gunn Helgesen var heimeværande då ho vart ordførar og har ingen jobb å gå tilbake til.

Foto: Kristeleg Folkeparti
Einar Målsnes

TO JOBBAR: Einar Målsnes har både ein jobb i politiet og skatteetaten å gå attende til.

Foto: Balestrand kommune
Ordførar i Gulen, Trude Brosvik.

KYRKJA: Krf-ordførar Trude Brosvik i Gulen går kanskje attende til jobben som kyrkjeverje.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Gunn Helgesen (KrF) i Selje har inga stilling å vende tilbake til. Ho kom inn i politikken som heimeverande for 12 år sidan. Einar Målsnes i Balestrand, derimot, har fleire. Han har permisjon frå både politiet og skatteetaten.

– Eg har permisjon frå ei veldig interessant stilling i Hordaland politidistrikt, i tillegg til ei interessant stilling hos skatteetaten på Leikanger, seier Målsnes.

Trass i eit godt valresultat for Høgre vart han kasta av ein fleirtalskonstellasjon.

– Det var trasig både for min del, og for dei som stemte på meg. Men no må eg fullføre denne perioden og så sjå framover, seier Målsnes.

Blir kanskje kyrkjeverje

I Gulen har Trude Brosvik (KrF) allereie hatt sitt siste kommunestyremøte som ordførar. No ventar ein ny kvardag.

– Eg har permisjon frå ei stilling som kyrkjeverje i Gulen. Det er ei spennande stilling, så det kan hende eg startar opp att i den. Eit val er som ein eksamen, men begge dei to gongane eg har blitt attvald har eg hatt dette hengande over meg, så eg har jo tenkt på det, kva som skjer om eg ikkje får halde fram, seier Brosvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gunn Åmdal Mongstad
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Må passe meg så eg ikkje blandar meg inn

Ei anna som kjenner seg att i eksamenslikninga er Gunn Åmdal Mongstad (Sp) i Solund. Etter åtte år som ordførar, ventar stillinga som undervisningsinspektør på skulen på Hardbakke.

– Det var annleis å bli vald som ordførar andre gongen. Den første var eg heilt fersk og hadde ikkje ein gong vore med i kommunestyret. Eg føler ikkje eg har stroke til eksamen, men at nokon andre har gjort det veldig bra, seier Åmdal Mongstad.

Ho seier ho ikkje er skuffa, men trur ho vil merke overgangen.

– Eg er veldig spent på tida framover no. Eg er vant til å ha fingrane i mykje, så eg trur eg må vere litt bevisst på at det no er andre som skal ha den rolla. Eg må nok passe litt på at eg ikkje blandar meg inn i det som no blir andre si oppgåve, seier den avtroppande Solund-ordføraren.

Ein kan ikkje bli lei seg

Tilbake i Florø er det ei usikker framtid som ventar Bente Frøyen Steindal. Men ho heng ikkje med hovudet av den grunn.

– Eg hadde som sagt rekna meg at det kunne gå slik, det må du alltid gjere. Du kan ikkje vere på eit slikt spel dersom du skal ta det inn over deg og bli trist og lei, det går ikkje.

Avtroppande ordførar Edvin Haugen (H) i Hornindal har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.

  • LES OGSÅ: Senterpartiet størst i Hornindal
    Edvin Haugen

    VRAKA: Edvin Haugen var blant dei yngste ordførarane då han tok over etter Bjørn Lødemel i Hornindal. No må han finne seg noko anna å gjere.

    Foto: Trond Mehlum / Hornindal kommune