NRK Meny
Normal

Kva er skjærtorsdag?

Visste du at ordet «skjær» kjem av det gammalnorske ordet «skíra»? Det betyr å vaske eller reinse seg, så skjærtorsdag er reinselsesdagen.

Påskevandring i Førde kyrkje

SKJÆRTORSDAG: Lærling Annika Solheim i Førde kyrkje forklarar barnehageborna kva som skjedde skjærtorsdag - under ei påskevandring i kyrkja.

Erlind Nydal

UNGDOMSPRESTEN: Erling Nydal i Førde kyrkje forklarar kva dei ulike dagane i påska betyr.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Skjærtorsdag er ein av dagane i påska som har fått eit eige namn. Og den er naturleg nok alltid på torsdagen i det som blir kalla «den stille veka».

I kristendommen er det frå palmesøndag åtte dagar der det mykje dramatisk. Ungdomsprest Erling Nydal oppsummerer påska så langt slik.

Palmesøndag kom Jesus ridande inn i Jerusalem, og han blei hylla som ein konge medan folk vifta med palmeblad. Måndagen reiste Jesus for å reinse tempelet som han kalla ei røvarhole. Tysdagen underviste han om Guds rike og onsdag blei han salva av Maria, forklarar Nydal.

Og det er no dramatikken verkeleg startar, ifølgje Bibelen.

– For no kjem den store dagen - skjærtorsdag. Jesus vaskar føtene til læresveinane sine. Og dei feirar det jødiske påskemåltidet som handlar om fridommen frå slaveriet, seier Nydal.

Det jødiske påskemåltidet er fylt av symbolikk. Påskemåltidet er ei historiefortelling. Ein måte å hugse på gjennom ord og handling.

– Kvar påske minna jødefolket om frelseshandlinga som førte Moses og folket ut av slaveriet frå Faraos Egypt. Her er det et ein bitre urter som minner om slaveriet, påskelammet som blir slakta for at blodet kunne strykast på dørstolpane, slik at døden skulle gå forbi. Her et ein brød som ikkje er heva fordi dei ikkje hadde tid til det i fluktsituasjonen, fortel Nydal.

– Skjærtorsdag i Jerusalem gjev Jesus venene sine brød og vin. «Ta dette og ét det». «Drikk alle av den». «Gjer dette til minne om meg». Jesus gav påska ein ny dimensjon. Han er både brødet og vinen. Han etablerer eit nytt felleskap.som gir redning frå både slaveri og død.

Dette siste måltidet med disiplane blir kalla nattverden og er i dag eit viktig kristent ritual i kyrkja.

– Judas, han som skal svike Jesus, går ut. Påskemåltidet bryt opp. I Getsamenehagen fell Jesus på kne og ber om å få sleppe. Han aner at noko skjer.

Seinare den kvelden blir Jesus teken til fange etter at Judas har forrådt han. Det gjer han ved å kysse Jesus og dermed vise vaktene kven Jesus er. Det er der ordet «judaskyss» kjem frå – altså eit forræderi.

– Til slutt er Jesus aleine med dei som anklagar han for blasfemi, Jakob Sande sin påskesalme «Du som låg i natti seine, einsam og aleine», oppsummerer skjærtorsdagen og langfredagen som skulle kome, seier Nydal.

Altertavla i Førde kyrkje

NATTVERDEN: Eit kjent motiv som også er på altertavla i Førde kyrkje.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå