NRK Meny
Normal

Kva er den vakraste utsikta i fylket vårt?

Folket har kåra Gaustatoppen til fjelltoppen med den vakraste utsikta i Norge. Hornelen, Skåla og Store Skagastølstind fekk null stemmer.

Katharina Fritz på fjelltur med syster si

UTSIKT: Kva utsiktspunkt tykkjer du er vakrast i fylket? Sei det på Facebook-sida til NRK Sogn og Fjordane!

Foto: Katharina Fritz

Kåringa er gjort av Norstat på oppdrag av Norad.

Gaustatoppen over Rjukan fekk flest stemmer. Medan kjende toppar i fjellfylket Sogn og Fjordane som til dømes Hornelen, Skåla og Store Skagastølstind fekk null prosent av stemmene.

– Det forundrar litt. For vi veit jo at naturen og fjella og kysten i Sogn og Fjordane er attraktiv, seier styreleiar Marino Ask i Sogn og Fjordane turlag.

Laster Instagram-innhold

Folk som NRK Sogn og Fjordane snakka med på gata, kåra Storehesten, Eikåsnipa og Grovanipa som sine favorittar.

Marino Ask er glad i kystlandskap, og meiner Hornelen er i særklasse i fylket vårt, av fleire årsaker.

– Hornelen strekker seg opp mot 900 høgdemeter, og ligg utpå kysten. Du ser nordover og sørover langs kysten, og langt aust i landet, heilt til Jostedalsbreen.

Laster Instagram-innhold

2000 menneske vart spurt i undersøkinga av Norstat. Det at Hornelen ikkje har fått stemmer i det heile tatt, forklarar Marino Ask slik:

– Mange har Gaustatoppen som eit nært fjell. Vi er jo då i den mest folkerike delen av landet. Og det avspeglar vel kanskje litt av svara i undersøkinga, seier leiaren i Sogn og Fjordane Turlag.

– Men det er jo litt subjektivt kva utsikt som er vakrast.

Laster Instagram-innhold

Ask trur undersøkinga er eit teikn på at det ikkje er så mange som har vore på toppane i Sogn og Fjordane.

– Vi må bli endå flinkare til å marknadsføre Sogn og Fjordane, og toppane som er her, seier turlagsleiaren.

Laster Instagram-innhold

Det er mange fine utsikter i nærområda til folk.

– DNT er opptekne av folk skal finne sine favorittutsikter. Og det ser vi at veldig mange har gjort, seier turlagsleiaren.

Dette er Marino Ask sine favorittutsiktspunkt:

Laster Instagram-innhold
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser