Hopp til innhold

Kva blir den neste store saka i Førde?

FØRDE (NRK): Det har vore flust med store og dels omstridde saker i Førde-politikken dei siste åra. Men kva no? Kva står valet om i september?

Helge Robert Midtbø

I TENKEBOKSEN: Helge Robert Midtbø måtte tenke seg godt om før han sa ja til å bli ordførarkandidat. No er han bestemt, og seier eldreomsorga blir hovudsak for Arbeidarpartiet.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Vallogo

– Dei neste åra blir spennande, seier Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat, Helge Robert Midtbø.

Han verkar litt tankefull, og kanskje er ikkje det så merkeleg. I mai vart han kasta inn som Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat då Terje Gjertsen flytta til Bergen og ny jobb. Midtbø vedgår at han var usikker.

– Det var ikkje lett å kome til ei avgjerd. Men når eg først har sagt ja til å vere kandidat, er eg klar til å bli ordførar, og går inn for det med hud og hår. Eg har veldig lyst til å gjere ein god jobb for Førde, seier han og blir meir og meir bestemt utover i resonnementet.

Eg vil sitere Jan P. Syse: Vi må henge saman, elles blir vi hengt kvar for oss.

Olve Grotle

– Treng ei stødig hand

Men det skjer ikkje utan kamp frå Høgre-ordførar Olve Grotle. Han lyser opp på spørsmål om ordførarvervet har gjeve meirsmak.

– Eg er svært motivert for å vidareføre arbeidet. Vi har utfordringar i Førde og Sunnfjord, og eg trur det er viktig at vi har ei stødig hand og full kraft.

– Er du den stødige handa?

– Eg håpar i alle fall at mine tre periodar i bystyret, ein som ordførar, har gitt meg den ballasten og erfaringa eg treng for å kunne styre vidare.

Hafstadparken

HAFSTADPARKEN: Idrettsanlegget opna i mai, og er eit samarbeid mellom idrettslaget og kommunen. Det kosta om lag 100 millionar kroner. Det er mykje takka vere tilskot og gåver at parken har blitt ein realitet. Milliardær Trond Mohn frå Bergen står åleine for 20 millionar kroner.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Handelsparken på 70.000 kvadratmeter på Brulandsvellene vart vedteken i bystyret slutten av mai, og Førdepakken – bompengeprosjektet til 1,6 milliardar som skal gje betre vegar og sykkel- og gangvegar – vart godkjent av regjeringa berre ei veke seinare.

Administrasjonen har flytta inn i nytt rådhus, og idrettsanlegget Hafstadparken er opna.

Etter alle desse store sakene, kva er den eine store saka i komande periode? Den eine som blir aller viktigast for kommunen dei neste åra.

Det einaste eg er overtydd om er at vi kjem til å ha ein god ordførar etter valet.

Helge Robert Midtbø

Kva no Grotle?

– Samarbeid i Sunnfjord, seier ordførar Olve Grotle bestemt.

Med nær 13.000 innbyggjarar er Førde den største kommunen i fylket. Andre stader ville Grotle styrt ein mellomstor kommune. Til dømes har Hordaland åtte som er større.

I Sunnfjord er diskusjonane om samanslåing av 10 kommunar framleis levande. Grotle er ein varm tilhengar. Skulle det ikkje bli alle ti, vil han ha flest mogleg med, og best mogleg samarbeid med dei som ikkje blir med.

Olve Grotle

ORDFØRAR: Olve Grotle

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi er så små her i Sogn og Fjordane samanlikna med andre fylke, at viss vi ikkje står saman og støttar kvarandre, så er vi ferdige. Eg vil sitere Jan P. Syse: Vi må henge saman, elles blir vi hengt kvar for oss, seier ordføraren.

Kva no Midtbø?

– Vi blir langt fleire eldre og må ruste oss for å kunne gje dei gode tenester, svarar Midtbø.

Eldrebølgja er etter kvart eit velkjent omgrep. Vi lever lenger, og føder færre ungar enn i etterkrigstida. Det gir fleire eldre å ta vare på for færre yngre menneske.

Førde er ikkje noko unnatak. I kommunen sin økonomiplan for 2016 til 2019, går det fram at det har blitt dobbelt så mange over 90 år dei siste ti åra. Også gruppa over 67 aukar. Folketalsframskrivingar frå SSB viser at andelen eldre vil auke mykje, spesielt etter 2025.

– Eg tenkjer ikkje berre på areal og talet plassar, men det totale innhaldet i eldreomsorga, med avlasting, dagtilbod og velferdsteknologi. Vi veit auken kjem, og då må vi allereie no ruste oss, seier Midtbø.

Kven avgjer?

Høgre fekk åtte mandat etter førre val, Arbeidarpartiet åtte. Begge parti var i 2011 difor avhengige av fleire andre parti for å få dei 14 som må til for å få ordføraren (sjå faktaboks).

Venstre, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet som gav Olve Grotle fleirtalet sist. Senterpartiet sine tre representantar, som måtte til for å sikre fleirtalet, er sterke motstandarar av handelsparken.

Grotle fryktar ikkje at hans stemme for handelspark skal øydelegge sjansen til å bli ordførar etter valet i september.

– Det viktigaste av alt er å vere ærleg og real. Viss ein meiner noko skal ein stå for det. Det har eg gjort, og eg har ikkje på noko tidspunkt fått beskjed frå mine politiske venner at eg har meint feil.

– Skal Arbeidarpartiet få ordføraren må vi gjere eit kanongodt val. I tillegg er vi avhengige av at nokre av dei andre partia vel å støtte oss. Det einaste eg er overtydd om er at vi kjem til å ha ein god ordførar etter valet, seier Midtbø.