Hopp til innhold

Kuttskadar etter slagsmål

Politiet har rykt ut til eit slagsmål ved Hornnes i Førde. Ein mann har fått kuttskadar i hovudet, men er ikkje alvorleg skadd. To menn var involverte, men då politiet kom til staden var det berre den skadde som var i leilegheita og han nekta for at dei hadde slåst. I staden hevda han at han hadde ramla. Den skadde fekk hjelp av helsepersonell på staden.