Hopp til innhold

Stadig fleire som vil får jobbe heiltid

Arbeidet med å redusere talet på deltidsstillingar i Helse Førde gjev resultat. Siste halvåret har føretaket redusert talet på deltidstilsette som ønskjer større stilling frå 125 personar til 97.

Helsearbeidar

FLEIRE FÅR HEILTID: Stadig fleire av dei tilsette i Helse Førde som ønskjer det, får høve til å jobbe heiltid.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Direktør for menneskelege ressursar i Helse Førde, Arne Skjelten, er tilfreds med at arbeidet med å kutte uønska deltid gjev resultat.

– God utvikling

– Det er ei veldig god utvikling for eit lite føretak. Slik som Helse Førde er så har vi ein del avgrensingar i forhold kor mykje vi klarer å få til, særleg fordi vi har ein del mindre einingar spreidd ut over. Vi er nøydde til å ha viss bemanning som skal gå både på helg, kveld og natt, seier Skjelten.

Han legg ikkje skjul på at han meiner at ein i røynda aldri klarar å kome i null på dette området.

Mange på rusposten

Helseforetaka i heile landet har fått pengar til å jobbe med deltidsproblemet i samarbeid med Fagforbundet, og i Helse Førde er det tilsett ein person til dette arbeidet .

Eit godt døme er etableringa av rusposten på Nordfjordeid. Då fekk 10 personar utvida stillingane sine frå deltid til heiltid.

– Der var det ei god styring frå våre lokale leiarar, seier Skjelten.

Solveig Norevik, fylkesleiar i Fagforbundet

VIL I NULL: Solveig Norevik vil framleis ha vekk all uønska deltid i helsevesenet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Vil kome ned i null

Fylkesleiar i Fagforbudnet, Solveig Norevik, er svært glad for utviklinga, men meiner det framleis er mogeleg å redusere talet på deltidsstillingar vesentleg.

– Eg trur at ein må klare å kome nesten ned på nullpunktet for å seie det rått og brutalt. Det er det som er det normale og det er det vi strevar etter, seier Norevik.

Nøgde med samarbeidet

Ho legg vekt på at dei trass alt er godt nøgde med samarbeidet mellom Fagforbundet og Helse Førde i denne saka.

– Vi er veldig nøgde med at arbeidet har kome så godt i gang og at det er gjort såpass bra arbeid på kort sikt. Tillitsvalde skal ha stor ære for dette, dei har vore pådrivarar i dette, sler Norevik fast.