På kort tid har trenden snudd for oppdrettsnæringa. Frå låge lakseprisar og kriserop om straffetoll i EU, ser 2005 ut til å bli eit av dei beste åra i oppdrettsbransjen. Og oppdrettarane i Sogn og Fjordane går heilt til topps i landet.
Braanaas & co tener stadig meir.
Dagleg leiar i Firda Management og ein av dei største oppdrettarane i fylket Ola Braanaas trur det er fordi vi har mange små og mellomstore bedrifter.
God inntening - få tilsette
Oppdrettarane her i fylket har lågast produksjonskostnader i landet. Her produserer dei ein kilo laks to kroner billegare enn lakseprodusentane i resten av landet.
Samtidig som oppdrettarane her i fylket er mest kostnadseffektive, er det få som arbeider innan næringa. Dei siste 10 åra er talet på tilsette ved oppdrettsanlegga i fylket halvert. Berre 153 arbeider innan bransjen i dag.