Hopp til innhold

Kuttar lønsbudsjettet med 15 mill.

Kommunestyret i Årdal gjekk i går samrøystes inn for å kutte neste års lønsbudsjett med 15 millionar kroner. – Heilt nødvendig, seier Ap-leiar Hilmar Høl.

Hilmar Høl

VANSKELEG: Ap-leiar i Årdal, Hilmar Høl, legg ikkje skjul på at det er svært vanskeleg å skulle kutte 15 millionar kroner i lønsbudsjettet for neste år.

Foto: Stig Laberg Øvstetun

– Det har vore forferdeleg vanskeleg, seier Høl om det relativt dramatiske kuttvedtaket til NRK.no.

Samla sett legg kommunen opp til å spare i overkant av 30 millionar kroner.

Underskot fleire år på rad

Kutta på 15 millionar kroner i lønsbudsjettet tilsvarar 39 årsverk i kommunen og vil råke alle avdelingar. Sjølv om Høl helst hadde sett at dei slapp unna slike kutt, seier han politikarane ikkje hadde noko val.

– I Årdal har vi vore godt vande med gode tenester, men no er vi kome ned på eit nivå der vi ikkje klarer halde oppe det lenger, seier han.

Han viser til at kommunen tek med seg eit underskot frå i fjor på 15 millionar kroner, og at dei også i år vil nærme seg 15 millionar kroner i minus.

– Dermed blir det ei utfordring på 30 millionar kroner som vi må gjere noko med, om ikkje vil det vere andre som gjer det for oss, seier han.

Håpar å styre unna Robek-lista

Han legg ikkje skjul på at kommunen håpar å styre unna den såkalla Robek-lista. Robek er eit register over kommunar og fylkeskommunar som må ha godkjenning frå Kommunal- og regionaldepartementet for å kunne utføre gyldige vedtak om låneopptak eller langsiktige leigeavtalar.

Seinast i august varsla Fylkesmannen at Årdal ville bli meld inn i Robek, dersom dei ikkje klarte å dekke inn underskotet på 15 millionar kroner frå i fjor.

Høl seier det er viktig for kommunepolitikarane å sjølv ha kontroll.

– Det er difor vi må gjere desse grepa, så vi ikkje blir sett under administrasjon. Slik kan vi ha litt kontroll over eigne budsjett, seier han til NRK.no.

Har samanheng med tap av arbeidsplassar

Årdal har lenge vore inne i ein tung periode, der ei rekkje industriarbeidsplassar har forsvunne. I løpet av dei siste åra har 400 arbeidsplassar meir eller mindre forsvunne ved Hydro Aluminium, seinare har Dooria gått konkurs.

I haust har solcellefabrikken NorSun sendt ut permitteringsvarsel til alle sine tilsette ved fabrikken i Årdal.

Ap-leiaren i kommunen ser ein klar samanheng med nedgangen i talet på arbeidsplassar og det som skjer med økonomien til Årdal.

– Det er ikkje tvil om at skatteinngangen vår har blitt kraftig svekka, og at det er ei av årsakene til at vi har eit så stort underskot.

– Men samtidig er underskotet større enn skattesvikten, så denne utfordringane hadde vi fått uansett, seier Høl som no meiner det blir viktig å sjå framover.