Hopp til innhold

Kuttar kraftig i tilbodet på dei vidaregåande skulane

Elevane ved transport og logistikk på Mo og Øyrane er blant dei som til neste år mistar utdanningstilbodet ved skulen, når fylkeskommunen no svingar sparekniven.

Denne klassen kan bli råka av nedlegging

BLIR KUTTA: Denne klassen på Mo og Øyrane mister linja si, transport og logistikk, til neste år. Frå venstre: Lærar Reidar Svalheim, Robert Olsen, Bjørn Grytvik, Ørjan Ekornrud, Jannike Kleppe, Gunstein Strømsnes og Nikolai Nordbotten.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

– Dei fleste har fått med seg kor dramatisk økonomien til fylkeskommunen er svekka. Det får òg konsekvensar for opplæringstilbodet. Samstundes har elevtalet gått ein del ned, seier leiar for houvudutvalet for opplæring, Karianne Torvanger (Ap), om årsaka til kutta.

Utvalet lyste i dag ut opplæringstilbodet på dei vidaregåande skulane for neste år. Tilbodet vert redusert med fjorten heile klassar, medan åtte nye kjem til. Fire linjer vert ikkje lyst ut i det heile: vg2 industriteknologi på Måløy, vg2 brønnteknikk i Florø, vg2 transport og logistikk på Mo og Øyrane og vg3 påbygg i Dale.

– Eg har sete i dette utvalet i åtte år og kan ikkje hugse at det har vore så krevjande tidlegare. Vi har veldig små rammar og veldig lite handlingsrom innanfor det tilbodet vi har lyst ut i dag, seier Torvanger.

For vg3 påbygg i Dale er ikkje alt håp ute. Hovudutvalet har bedt fylkeskommunen om å grave fram ytterlegare 1,4 millionar kroner, noko som vil sikre linja framleis eksistens. Den saka skal handsamast i fylkesutvalet i morgon.

Utvalsleiaren kan enno ikkje seie kor mange lærarstillingar som vil bli kutta.

– Det har vi ikkje noko oversikt over før søkartala er klare i mars. Då blir opplæringstilbodet justert i samsvar med søkartala, så det er vanskeleg å seie korleis ting vil fordele seg før vi får søkartala, seier Torvanger.

Dei linjene som ikkje blir lyst ut vil det naturleg nok ikkje vere mogleg å søke på. Difor vil ikkje eventuelle justeringar i mars få noko å seie for desse.

– Men vi har laga eit punkt i vedtaket der vi seier at vi må sjå på dei linjene på nytt når dei skal lysast ut i neste runde. Så det er ikkje kroken på døra for dei tilboda, seier Torvanger.