Kuttar innan medisin og kirurgi

Innsparingane på over 20 millionar kroner i Helse Førde i år må truleg skje ved å kutte innan medisin og kirurgi ved sjukehusa i Førde, på Nordfjordeid og i Lærdal. Nærsjukehuset i Florø og føden i Lærdal er verna av statsråden.

 

Det betyr at alle kutta truleg må skje ved tilbod som råkar store pasientgrupper og som er prioriterte av av storting og regjering, seier styreleiar Clara Øberg i Helse Førde.

Øberg nemner indremedisin, ortopedi og blautdelskirurgi. Dette vil råke eldre og kronikarar ekstra hardt.

Kuttar over 20 senger?

Administrasjonen jobbar no på spreng med detaljane for alle tiltaka dei må sette i verk for å få budsjettet i ballanse i år, men blir ikkje ferdige før onsdag føremiddag.  Det gjeld vel 20 millionar for resten av dette året, og i tillegg må dei kutte 30 millionar ekstra neste år.  Signala før dei endelege forslaga kjem, tyder på at det kan bli kutta over 20 sjukehussenger tilsaman ved Sentralsjukehuset og sjukehusa i Eid og Lærdal.

Tilsette i Førde er uroa

Avdelingssjef Nils Sletteskog ved kirurgisk avdeling ved Sentralsjukehuset håpar i det lengste at det ikkje blir kutt ved kirugien i Førde. Men viss det skjulle bli det, er det svært uheldig. Sentralsjukehuset behandlar nesten berre prioriterte pasientar, og kutt vil gje lenger ventelister og såleis gå ut over pasientane. Sletteskog er også uroa for rekrutteringa av speisalistar dersom det blir kutt.

Forundra over statsråden

-Det blir heilt galt når politikarane ikkje tar ansvar for økonomien, men samstundes vil styre visse deler av aktiviteten, seier Sletteskog som kommentar til at statsråden vernar føden i Lærdal og sjukehuset i Florø.

-Viss ein nå sagar av dei mest livskraftige greinene på Helse Førde-treet, og lar kanskje det som ikkje har same livskraft i seg, stå igjen, då er ein ute på heilt feil veg, seier Sletteskog.