Hopp til innhold

Kuttar hjelpemann på sjukehusbussen – pasientar opprørte over endringar i tilbodet

– Det er respektlaust tilbodet frå sjukehusbussen vert lagt om, seier pasientar som reiser med bussen.

Jan-Ketil Smørdal

FRYKTAR FOR DÅRLEGARE TILBOD: Jan-Ketil Smørdal og medpassasjeren tykkjer det er ei skam at tilbodet på sjukehusbussen blir endra. Han er godt nøgd med tilbodet slik det er i dag.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Frå 23. juni blir ruta til sjukehusbussen mellom Nordfjord og Førde endra i samband med nye anbod. Det vil ikkje lenger vere ein hjelpemann om bord. Helse Førde og fylkeskommunen seier dei ikkje hadde noko val, og måtte leggje om ruta. Men pasientane er svært opprørte.

– Eg tykkjer det er ei stor skam og heilt uhøyrt med tanke på pasientane. Er ein pasient er det forventa at ein skal frå A til B, og ikkje drive å flytte seg frå transportmiddel til transportmiddel, seier Jan-Ketil Smørdal.

Får ikkje lov å ta imot personopplysningar

Øystein Huvik

MÅ GJERE ENDRINGAR: Seniorrådgjevar Øystein Hunvik i fylkeskommunen seier dei er nøydde til å endre tilbodet.

Foto: Eirik Hildal / NRK

I dag har sjukehusbussen to sjåførar, ein som køyrer og ein hjelpemann. Han skal hjelpe pasientane om bord, samle inn eigendelen og ordne registreringa av betalinga. Men no har ikkje hjelpemannen lenger lov å ta i mot desse personopplysningane.

Difor meiner Helse Førde og fylkeskommunen, som deler på å betale ordninga, at det ikkje er nok arbeidsoppgåver att til å forsvare å ha to sjåførar. Då endrar dei ruta.

– Frå 23. juni går sjukehusbussen frå Måløy, tidlegare gjekk den frå Selje. På grunn av at det berre skal vere ein sjåfør, må den starte i Måløy. Det er køyre- og kviletidsreglane som gjer at det blir slik, seier Øystein Hunvik som er seniorrådgjevar i samferdsleavdelinga i fylkeskommunen.

Må ta taxi eller lokale ruter

Reglane om kor lenge ein sjåfør kan køyre og kor lenge han må kvile, gjer at ein sjåfør åleine ikkje kan køyre strekninga Selje-Førde. Bussen skal heller ikkje stoppe på sjukehuset på Nordfjordeid, men på rutebilstasjonen i sentrum. Dermed må pasientar frå Selje og sjukehuset i Nordfjordeid ta taxi eller lokale bussruter for å kome seg til og frå sjukehusbussen frå sommaren.

– Vi har hatt diskusjonar med Helse Førde for å få til ei forlenging av ordninga som er i dag. Det viser seg å ikkje vere mogleg å få til, seier han.

Ville halde oppe tilbodet

Det er dei skjerpa krava til personvern som gjer at dei ikkje får det til, seier Nils Helge Friborg som er rådgjevar for pasientreiser i Helse Førde. Han seier at dei ville halde oppe tilbodet. Men han hevdar at dei ikkje greidde å finne ein måte hjelpemannen kunne ta seg av pasientane sine papir, utan samtidig å få tilgang til personopplysningane. Pasientane vil merke endringane.

– Slik det blir framover, betalar kvar pasient for billetten på normal måte og søkjer refusjon i etterkant.

– Men folk vil merke at dei får mindre hjelp?

– Å seie noko anna, vil seie at ein hjelpemann ikkje har hatt ein funksjon. Det har han jo hatt. Det er klart at servicetilbodet går ned, men at det blir eit dårleg tilbod er eg ikkje samd i. Eg trur det blir eit godt tilbod, seier Friborg.

Blir som ein vanleg lokalbuss

Øystein Hunvik i fylkeskommunen seier at endringane også vil hjelpe enkelte pasientar. Bussane som kjem til Måløy om morgonen vil korrespondere med sjukehusbussen. Og ferjene frå Oldeide til Måløy og Isane-Stårheim vil kome inn før bussen går. Men sjukehusbussen vil ikkje lenger vere like spesiell som han var.

– Tilbodet på bussen blir som på dei andre lokalrutene. Det blir ein vanleg lokal rutebuss med dei tilboda som er der.

I dag har sjukehusbussen omfattande førstehjelpsutstyr, varm og kald drikke, og pute og pledd. Dette vert vekke med det endringane 23. juni.

Fleire er skeptiske

Endringane i rutetilbodet er eit langt steg tilbake for innbyggjarane i kommunane, skriv eldrerådet i Vågsøy og Selje. Vågsøy kommune støttar kritikken. I dag vil dag vil truleg formannskapet i Selje gjere det same. Pasientane sparar heller ikkje på kritikken.

– Eg tykkjer det er respektlaust ovanfor pasientane. Er ein pasient, skal dei takast ivare på den beste måten, seier pasient Jan-Ketil Smørdal.

På sjukehusbussen mellom Lærdal og Førde består førebels tilbodet med hjelpemann ombord.