NRK Meny
Normal

Kuttar etter ostehøvelprinsippet

Styret i Helse Førde vedtok i dag 2008-budsjettet der det blir lagt opp til innsparing på 105 millionar kroner.

Førde Sentralsjukehus
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Men styret tok eit atterhald om at dei vil ha noko meir tid til å kvalitetssikre den budsjetterte auken i pasientbehandling.

Kutta i budsjettet blir i hovudsak gjort etter ostehøvelprinsippet med mange store og små kutt i heile organisasjonen.

I samband med budsjettet etterlyser styret departementet si avgjerd om sengeposten ved Nærsjukehuset i Florø.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast