Helse Førde har avgjort at Lærdal sjukehus ikkje lenger skal ha kirurgisk akuttfunksjon. Alt frå nyttår blir aktiviteten innan kirurgi trappa ned. Då får ikkje turnuslegane den praksisen som det er stilt som krav at dei skal ha.
- I løpet av tida som turnuslege skal ein ha både blautdelskirurgi og akutt funksjon innan kirurgi og ortopedi. Etter det nye forslaget frå Helse Førde vil dette forsvinne frå Lærdal sjukehus, seier Reikvam.
- Tek ikkje omsyn til krava
Det er ni turnuslegar ved Lærdal sjukehus i dag. Frå nyttår er det ikkje grunnlag for så mange, meiner turnuslegane. Dei har kome med eit framlegg til korleis turnusordninga bør vere frå nyttår, mellom anna med meir praksis i Førde. Leiinga i Helse Førde har fortalt Håkon Reikvam at turnuslegar er eit satsingsområde. Men Reikvam meiner forslaget som no er kome fram ikkje tek nok omsyn til turnuslegane og dei krav som stillast til turnustenesta.
Vil ha rask avklaring
Turnuslegane ber og fylkeslegen sjå om dei faglege krava til turnusteneste blir ivaretekne med dei endringane som no skjer på sjukehusa. Og dei ber om at leiinga i Helse Førde er kjappe med å svare på korleis dei vil organisere turnustenesta. Forslaget er at nedlegginga skal skje innan 1. januar, så legane vil gjerne ha ei avklaring så fort som råd er.