Fylkesleiar for dei utviklingshemma sine pårørande, Harald Hansen, fryktar nedskjeringane vil skape fleire taparar i skulen. Han trugar med rettssak mot kommunen for å sikre rettane til dei svakaste.
Fleire taparar
Reiel Fagerlid, som leiar Utvalet for oppvekst og kultur i Vågsøy, stadfestar at konsekvensen kan verte fleire taparar. Han fortel at dei også tidlegare har fått klager der Fylkesmannen har pålagt kommunen å endre praksis.
Fagerlid undrar kva som er viktigast av økonomien eller lovpålagde krav, og han meiner Fylkesmannen er vag når det gjeld å svare på eit slik spørsmål. Men han meiner å oppfatte signal om at økonomien er viktigast.
– Det bekymrar meg oppi dette, seier utvalsleiaren.