Hopp til innhold

Kurs for overvektige born

Sogn livs- og meistringssenter startar kurs for overvektige born og familiane deira på nyåret. Det skriv Sogn Avis. Tilbodet er kalla "frisk og rask" og målgruppa er unge i alderen 6–15 år frå kommunane Sogndal, Leikanger og Luster. Tilbodet vil vere gratis og vare i eit år.