- Eg må heim til Sogn for å hente inspirasjonen til bileta mine, sa alltid Knut Rumohr. -Det er ein sogning i alt eg gjer! Han vart ein av dei fremste nonfigurative målarane i Noreg på 1900-talet.
Knut Rumohr var fødd i Bergen, men voks opp i veglause Frønningen ved innløpet til Aurlandsfjorden. Det store skoggodset på 65000 dekar har vore i slekta si eige sidan 1600-talet - først i Lem-slekta. Ved inngifte på slutten av 1800-talet i Rumohr-slekta på Rikheim i Lærdal og storgarden der.
I Frønningen bygde bestefaren eit stort herskapshus der Knut voks opp, omgjeven av guvernante og stort tenarskap. Til dagleg tala såleis Rumohr bokmål med bergensk tonelag, men kunne slå over til ekte sognadialekt når han ynskte det.
Han tok utdanning ved Bergen Kunsthåndverksskole 1934, Statens Håndverks- og Kunstindustriskole 1935-41, og ved Statens Kunstakademi 1938-1941. Han studerte m.a. under kunstnarar som Per Krogh, Olaf Willums, Jean Heiberg og Georg Jacobsen. I tillegg har Rumohr hatt fleire studiereiser til europeiske land, USA og Afrika.
Sidan debuten på Haustutstillinga i 1939 har han delteke i ei lang rad separat- og kollektivutstillingar i inn- og utland. Men han gløymde aldri heimbygdene, og på 1990-talet hadde han jamnt store utstillingar på det nyopna Galleri Walaker 300 i Solvorn.
I yngre år arbeidde Knut Rumohr ein del med figurative uttrykk, m.a. i den vanskelege tresnitteknikken xylografi, som vert skoren i endeved. Men han utvikla seg etter kvart til ein av våre fremste nonfigurative kunstnarar, der fargesterke bilete i grafikk og tempera med inspirasjon frå vestlandsnaturen vart hans kjennemerke.
Måleri av Knut Rumohr
Han arbeidde ofte i store format, og har også hatt store utsmykkingsoppgåver m.a. i Eid rådhus, Lærdal rådhus, Høyanger samfunnshus, Sogndal Gymnas, Sjøkrigsskolen, Dikemark sykehus, fleire norske ambassadar, Hotell Viking, Hotell Continental, SAS-hotellet, Kviknes Hotell og Lindstrøm Hotell. Han har også utført ei mengd teaterdekorasjonar og illustrasjonsarbeid.
Rumohr er representert m.a. i Nasjonalgalleriet, Museet for samtidskunst, Riksgalleriet, Norsk Kulturråd, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Oslo Kommunes Kunstsamlinger, Victoria and Albert Museum, Moderna Museet, Arkivmuseet i Lund, Gøteborgs Konstmuseum og Tønder Museum.
Rumohr mottok ei mengd utmerkingar og stipend. Han var invitert utstillar ved Festspela i Bergen i 1966 og 1979, og har m.a. motteke Fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane.
Dei gamle sognehusa er samla av Knut Rumohr.
Ved sida av kunstnargjerninga, var den stillfarande Knut Rumohr levande oppteken av kulturvern. På Frønningen bygde han opp eit heilt tun med eldre bygningar samla frå dei inste Sognebygdene. Desse møblerte han med antikke møblar og gjenstandar. Han gjorde også mykje for å restaurere og halde ved like det praktfulle hovudhuset på Frønningen-godset, og deltok aktivt i restaureringa av den gamle hovudbygningen frå 1700-talet på slektsgarden Rikheim.
Lyd og video
- Portrettprogram av Knut Rumohr (BREIBAND)
- Portrettprogram av Knut Rumohr - på Frønningen og Galleri Walaker 300 - sendt på NRK1 25.05.1994. Med Knut Rumohr, Magne Vangsnes, Ragnar Frønningen, og Hermod Nitter Walaker. Reporter: Ottar Starheim. Foto: Stein Magne Os.
- Rekordsal av Rumohr-bilete (BREIBAND)
- Rekordsal av Rumohr-bilete - - sendt på NRK1 05.05.1998. Med Hermod Walaker ved Galleri Walaker 300, kunstnar Knut Rumohr og kjøparar Volker og Agnethe Brückner. Reporter: Finn Tokvam. Foto: Arild Nybø.