Hopp til innhold

Kunstnaren bak Tusenårsstaden er død

Bård Breivik sine visjonar skal leve vidare, sjølv om dei ikkje fullt ut vart realisert i Gulen, seier Espen Selvik i Tusenårsstaden.

Bård Breivik KODE

STOR KUNSTNAR: Kunstnaren Bård Breivik står bak fleire store kunststykke. Installasjonane på Tusenårsstaden i Gulen er berre ein liten del av det.

Foto: KODE

Kunstnaren frå Bergen fekk kreftdiagnosen før jul i 2014, og fekk behandling i heimen på Ekely og på Diakonhjemmet i Oslo, skriv Bergens Tidende som først melde om dødsfallet. Bård Breivik døydde 67 år gamal.

Bilethoggaren og skulptøren stod bak fleire kjende verk. Han har nærare 100 utstillingar over heile verda bak seg. Han var også den som forma ut Tusenårsstaden i Gulen, med installasjonane Tingveggen, Tinghella og Eldsirkelen, samt fleire tingmenn som står spreidd rundt på staden.

– Hadde mange år igjen i karrieren

Dette er ein trist bodskap å få, seier prosjektleiar for Tusenårsstaden, Espen Selvik.

– Bård Breivik hadde eigentleg mange år igjen i sin kunstneriske karriere, så dette var veldig trist sjølv om fleire av oss visste at han var veldig sjuk. Han er ein kunstnar på høgt internasjonalt nivå.

At kunstnaren har betydd mykje for Tusenårsstaden, er det ikkje tvil om.

– Han har på mange måtar sett ein dagsorden. Heile hans kunstneriske avtrykk gjer at staden løftar seg frå ein heilt grei skulpturpark til noko ekstraordinært. Installasjonane hans er sagt å vere noko av det ypparste av moderne kunst som finst i parkar over heile verda, seier Selvik.

Gulating-skulptur laga av Bård Breivik

TINGVEGGEN: Bård Breivik var kunstnaren bak installasjonen. Prosjektleiar for Tusenårsstaden, Espen Selvik, meiner installasjonane til Breivik i Gulen er sagt å vere noko av det ypparste av moderne kunst.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Godt forhold trass konfliktar

Han fortel at Tusenårsstaden var eit spennande prosjekt for Breivik, og han trur kunstnaren sette stor pris på å få forme ut plassen.

Likevel har det ikkje heile vegen vore ein god tone mellom kunstnaren og andre involverte i utforminga av Tusenårsstaden.

Espen Selvik

IKKJE UVENTA: Espen Selvik, prosjektleiar for Gulatinget og Tusenårsstaden, visste godt at Bård Breivik var alvorleg sjuk.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Breivik var blant anna svært kritisk til ramma rundt kunstverket Tingveggen, og meinte Fylkeskommunen hadde overkøyrt hans kunstnarlege plan med det han, før opninga i 2005, kalla byråkratisk inkompetanse. Prisen ville likevel blitt ein annan om kunstnaren fekk arbeide friare.

– Eg trur at det i kunstneriske prosessar er bra med litt temperatur og usemje, og så blir ein samde om noko som er bra. Viss ikkje kunsten har det så blir det død kunst, seier Selvik.

Tek med seg visjonane vidare

Og trass i til tider høg temperatur til tider har kunstnaren i seinare år hatt eit tett forhold til Tusenårsstaden.

– Bård gjekk og trakka rundt hos oss i Gulatingsparken seinast i fjor sommar, og likte veldig mykje av det som var der. Så var han samstundes kritisk til ein del nyare installasjonar som han meinte kanskje ikkje var tidsriktig. Og den diskusjonen tek vi på alvor og tek det med oss.

– Namnet til Bård Breivik vil halde fram med å vere viktig, seier Selvik.