NRK Meny

Kunstnaren Arvid Eikevik er død

Målaren Arvid Eikevik som opphavleg er frå Svelgen, døydde tysdag på Lovisenberg sjukehus i Oslo, melder Førdeby. Han blei 80 år gamal. Kunstnaren Oddvar Torsheim skildrar Eikevik som ein av dei betre målarane i Norge. Mellom anna har Norsk Kulturråd, Nasjonalgalleriet, Riksgalleriet og Utanriksdepartementet kjøpt verk av Eikevik.