Hopp til innhold

No kan publikum gle seg til opninga av nytt kunstmuseum til 93 millionar

Det har kosta 93 millionar å byggje. No er Sogn og Fjordane kunstmuseum sitt nybygg i Førde klar for å ta imot publikum.

Besøk Sogn og Fjordane kunstmuseum

Bli med inn i splitter nye Sogn og Fjordane kunstmuseum i Førde.

Midt mellom betongklossane i Førde sentrum har kunstmuseet reist seg med sin glasfasade, som kvar kveld lyser opp der trafikklysa før har vore einaste alternative lyskjelde i sunnfjordkvelden.

– 93 millionar er fantastisk rimeleg for eit bygg som dette, midt i Førde sentrum, meiner direktør for kunstmuseet, Morten Johan Svendsen.

Opningsfest

Komande laurdag er det storstila opningsfest, og fylkesordførar Åshild Kjelsnes gler seg saman med kunstentusiastane.

– Dette skal vere ei storstove for formidling av kunst i fylket. Eg inviterer alle til å slutte opp om opninga, og ikkje minst til å ta bygget i bruk ved å vere aktive og nysgjerrige publikummarar i tida framover, seier Kjelsnes.

Nytt sentrumsbilete

Også ordførar i Førde, Olve Grotle, gler seg stort til opninga av det særmerkte kunstbygget midt i sunnfjordbyen.

– Denne investeringa, saman med blant anna nytt rådhus, opprusting av utstillingsplassen og tilrettelegging av gangveg langs Jølstra, er med på å støype eit nytt sentrumsbilete i Førde, meiner Grotle.

Verk frå fylket

Dei to første utstillingane som skal prege bygget er KUNSTsf2012 og TECH-STILES. Førstnemnde er ei utstilling som syner verk frå 52 ulike etablerte og nye kunstnarar frå Sogn og Fjordane.

TECH-STILES er tekstilutstillingar som er produserte i samarbeid med Nord-Norsk kunstmuseum og Kunst- og designhøgskulen i Bergen.