NRK Meny
Normal

Kunsthandlar pustar letta ut

– Dette er ei ganske unik sak. Eg har aldri høyrt om liknande, seier Gunnar Krogh-Hansen hos Norges største kunsthandel, Blomqvist.

Gunnar Krogh-Hansen

LETTA: Gunnar Krogh-Hansen er letta over at Astrup-bilete som vart funne i eit dødsbu på Jølster viser seg å vere ein kopi.

Foto: Fotomontasje: Privat/Dan Robert Larsen (NRK)

Kunsthandlaren blir ikkje overraska når NRK.no fortel at det svært så omtala, og ikkje minst omstridde, Astrup-biletet som nyleg dukka opp er ein kopi.

– Eg er pustar på ein måte litt letta ut. Eg tykte biletet var litt problematisk då eg såg det. Kvaliteten var ikkje heilt god nok til å vere Astrup, så det er veldig godt å få fastslått slike ting med sikkerheit når det er litt tvil, seier Gunnar Krogh-Hansen.

Måla av postkort

Måleriet dukka opp i samband med eit dødsbu i Jølster og både Krogh-Hansen og Astrup-kjennar Øystein Loge stadfesta langt på veg at biletet var både ekte og verd mange millionar kroner.

Overfor Firda Tidend stadfestar derimot barnebarnet til Nikolai Astrup (1880-1928), Nikolai Astrup Geelmuyden (82), at biletet laga han som tenåring.

– Eg hadde eit lite postkort av måleriet å sjå etter, det var alt, fortel han til avisa.

– Stussa litt

Sjølv om han gjekk langt i å stadfeste at biletet var ekte, vedgår Krogh-Hansen at han stussa veldig då han såg biletet for første gang.

Samstundes meinte han at biletet burde analyserast nærare før ein kunne slå endeleg fast at biletet var ekte.

– Det var ein god del detaljar i biletet som eg ikkje likte så godt. Ein ting er at det er veldig nært opp til eit anna måleri av Astrup, slik at det for meg såg ut til å vere kopiert frå eit anna måleri. Når nokre detaljar sviktar i neste versjon, så får det meg til å stusse litt, seier han.

Lett å bli lurt

Loge skildra biletet som ein «Astrup på sitt beste». Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå kjøparen av dødsbuet.

– Er det så lett å la seg lure av måleri?

– Ja, i dette tilfellet var det noko spesielt i og med at det var måla på lerret som openbart kom frå Astrup sjølv. Biletet hadde ei ganske overbevisande historie, slik at det var mykje som kunne tyde på at det var eit ekte Astrup-måleri, seier Krogh-Hansen.

Verd tre millionar

Det var familieband mellom kunstnaren Astrup og husstanden der biletet dukka opp. Enkelte antyda at verdien kunne vere så høg som ti millionar kroner.

Krogh-Hansen anslår verdien til tre millionar kroner. Vel å merke om det var eit ekte Astrup-måleri av sankthansbålet.

– Det er eit av hans mest sentrale motiv, og eit trykk av same motiv vart i fjor selt for tre millionar kroner. Det er mange som potensielt kunne kjøpt biletet for mykje pengar, seier han.

Dramatisk prisfall

– At det no viser seg å vere ein kopi, det får vel følgje for verdien?

– Ja, det får veldig mykje å seie for verdien. Då har det eigentleg berre ein dekorativ verdi og ingen kommersiell verdi.

Krogh-Hansen meiner saka er unik. Spesielt med tanke på oppstyret etter at funnet vart kjent. Partane som var tilgodesett i dødsbuet engasjert advokat for å få opphevast kjøpet av buet.

Nytt verk dukka opp

– Kopiar blir laga heile tida av kjende bilete. Det er jo mellom anna noko av utdanninga til kunstnarane. Ein sjeldan gang blir kopien forveksla med originalen, seier Krogh-Hansen.

Kunsthandlaren legg til at Blomqvist også har fått inn eit nytt bilete til vurdering frå ein anna stad i landet.

– Vi trur ikkje det er ekte, men signaturen ser relativt grei ut og fargane er Astrup. Alle enkeltdelar er henta frå tunet i Jølster, men biletet er sett saman på ein rar måte slik at eg ikkje får den heilt gode kjensla. Det er litt som med biletet frå Jølster, avsluttar han.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen