Hopp til innhold

Kunstgras kan stoppe Bakke-retur

Eirik Bakke (33) har planar om å avslutte karrieren i Sogndal. Men kunstgras på Fosshaugane kan setje ein effektiv stoppar for det.

Eirik Bakke (t.v.) og Krister Aunan

TIL SOGNDAL? Eirik Bakke vurderer ein retur til Fosshaugane, men fryktar konsekvensane av eit eventuelt nytt kunstdekke på si gamle heimebane.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

- Eg ser for meg at eg spelar fotball nokre år til. Kva type dekke det er, vil vere viktig for mitt val. Eg skal ikkje seie for mykje, men det eg kan seie er at kunstgras ikkje er ønskjeleg frå mi side, seier Eirik Bakke til Bergens Tidende.

Ifølgje dagleg leiar Egil B. Mundal vurderer Sogndal no om dei skal leggje kunstgras på Fosshaugane.

Redd kunstgras blir for tøft

Samstundes har Sogndal og Eirik Bakke ein kontinuerleg dialog med tanke på ein eventuell retur til gamleklubben.

For Bakke er ifølgje avisa framleis interessert i nokre år med toppfotball. Kontrakten med Brann går ut ved sesongslutt.

LES OGSÅ:

- Dersom eg skal spele på kunstgras, minskar det sjansane mine til å halde meg skadefri og prestere bra. Også treningskvardagen blir tøffare, seier den tidlegare Leeds-proffen til Bergens Tidende.

Kunstgras = breiddeidrett?

Bakke meiner det vil vere ei feil vurdering å leggje kunstgras på Fosshaugane.

- Det er nok av kunstgrasbaner i Sogndal. Legg dei kunstgras på Fosshaugane, snakkar vi breiddeidrett i mine auge, seier han.

Det burde heller ikkje vere problem å spele på naturgras frå april til nvember i Sogndal, seier midtbanespelaren.