På oppdrag frå Førde Kommune skal dei anerkjende kunstnarane Karl Erik Nilsen, Gunnar Torvund og Helge Røed vurdere om Stig Eikaas sin Torsheim-skulptur er verdig til å stå i det offentlege rom. Og får fleirtalet av dei tre siste ordet, får den einsame statuen stå i fred mellom trea på Festplasstangen i sentrum. For både Torvund og Røed er positivt innstilte til skulpturen.
Nemnda skal også vurdere dei tre andre skulpturane av Stig Eikaas i fylket - Gjest Baardsen i Sogndal, Kong Sverre på Leikanger og heksemonumentet på Anda.
Omstridd skulptur
Torsheim-skulpturen vart avduka 1. november i fjor. Bautaen skapte debatt alt då den omstridde og utskjelte Stig Eikaas søkte om å få lage ein Torsheimskulptur til Førde Kommune. Til det svarte kommunen nei.
Kulturutvalet sa ja
Oddvar Torsheim og Stig Eikaas. (Foto: NRK)
Men så kjøpte kunstentusiasten Bjarne Huus skulpturen. Han hadde tenkt å ha den i hagen sin, men då den ikkje passa inn, gav han den til Førde kommune. Og då starta problema. For då takka kulturutvalet ja. Men etter kvart vart det bestemt at Torsheim-statuen berre skulle få stå i det som vart kalla «Nynorskens skog» fram til den var kunstfagleg vurdert.
Men dei tre kunstnarane klarte ikkje å einast om eit råd til kommunen på onsdag. Nilsen meiner rett og slett det er ein dårleg skulptur, medan Torvund og Røed meiner skulpturen er grei nok.
Vil ha eintydig råd
Men kultursjef i Førde, Håkon Fimland, ønskjer seg eit eintydig råd å leggje fram for politikarane. To mot ein tilseier at skulpturen skal få stå, men utfallet er enno ikkje klart. Dei tre kunstnarane skal no kvar for seg skrive ei vurdering. Og Fimland seier det kan bli aktuelt å plassere skulpturen ein annan stad i Førde. Dei tre biletkunstnarane har vore på synfaring for å sjå etter ei alternativ plassering.
Det vil gå ei til to veker før førdepolitikarane får nemnda si tilråding om skulpturen.