Hopp til innhold

Seier nei til 68 Astrup-kunstverk

Barnebarnet til Nikolai Astrup er skuffa over at Kunstmuseet i Sogn og Fjordane ikkje vil kjøpe kunsten.

Vil selge Astrup-bilete til Kunstmuseet

NEI: Barnebarnet til Nikolai Astrup, Nikolai Astrup Geelmuyden, vil selje 68 kunstverk, mellom anna dei på biletet, for tre millionar kroner til Sogn og Fjordane kunstmuseum. Museet sa nei.

Foto: Fotomontasje: Sverre Falkenberg

Barnebarnet til den kjende Jølster-kunstnaren, Nikloai Astrup Geelmuyden, ville selje kunstverka for tre milllionar kroner.

Morten Johan Svendsen

SEIER NEI: Museumsdirektør Morten Johan Svendsen.

Foto: Idun Fivelstad / NRK

Men Morten Johan Svendsen, direktør ved Kunstmuseet i Sogn og Fjordane, sa nei.

– Vi har vurdert at vi ikkje har anledning til å bruke så mykje pengar på det tilbodet, seier han.

– Leit at det blir splitta

Det er barnebarnet til Nikoali Astrup, 83 år gamle Nikolai Astrup Geelmuyden, som sit på dei 68 kunstverka etter den kjende kunstmålaren frå Jølster.

Astrup Geelmuyden kan selje kunstverka kvar for seg på den opne marknaden, men ønskjer i staden å tilbakeføre kunstverka til kunstmuseet i Sogn og Fjordane. Summen er av to kunstekspertar sett til tre millionar kroner.

Ifølgje Astrup Geelmuyden er dette rimeleg, og han er veldig skuffa over at kunstmuseet har takka nei.

– Eg synest det er leit at det blir splitta. Særleg ein kunstnar som Astrup. Eg reknar han som Norges største landskapsmålar, seier han.

– Ikkje viktig nok til denne prisen

Nikolai Astrup Geelmuyden

VIL SELJE: Nikolai Astrup Geelmuyden er barnebarn av Jølster-kunstnaren.

Foto: Bård Siem / NRK

Kunsten det er snakk om er mellom anna to måleri, mange kol -og pennetekingar, skisser, tresnitt og trykk. Men dette er ikkje spanande nok for Svendsen og kunstmuseet.

Avgjerda om å seie nei til Astup-samlinga har ikkje vore behandla av styret ved kunstmuseet. Svendsen tok avgjerda.

– Vi vurderte ikkje denne samlinga som viktig nok til denne prisen, seier Svendsen.

Astrup Geelmuyden stiller seg uforståande til at kunstsamlinga ikkje er viktig nok for kunstmuseet i Sogn og Fjordane.

– Det største måleriet er over ein meter høgt. Det er av Job i bibelen, Jobs plager. Det er og mange teikningar og trykk. Når det er sopass rimeleg synest eg godt dei kunne kjøpe det, seier Aastrup Geelmuyden.