Hopp til innhold

Difor er kunsten i bybildet dekt til i dag

Kunstnarar aksjonerer i heile landet for å behalde stønad til utøvande kunstnarar – dette gjer dei blant anna ved å dekkje til kunst i offentlege rom.

Kunstaksjon

AKSJONERER: Førdekunstnarane Merete Hoel Tefre, Audgunn Naustdal Holsen og Karen Helga Maurstig dekkjer til kunsten i Førde med søppelsekkar.

Foto: Idun Fivelstad / NRK

Kunstaksjon i heile landet

SØPPELKUNST: Skulpturen 'Parhestar' av Elisabeth Steen vart pakka inn i søppelsekkar av lokale kunstnarar på tysdag.

Foto: Idun Fivelstad / NRK

– Eitt av måla er at folk skal tenkje – Oi, kvar blei kunsten av?
Kunstnar Karen Helga Maurstig seier at dei aksjonerer mot nedskjeringar i kulturbudsjettet som regjeringa har føreslege.

– Me ser at når stønadsordninga blir borte, så er det ein del kunst som finst no som ikkje ville ha vorte laga, seier Karen Helga Maurstig.

Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane og NK VestNoreg er godt nøgde med å få behalde sine 15 millionar til etablerte kunstnarar og seniorkunstnarar, men aksjonerer mot andre foreslegne nedskjeringar som råkar kunstnarar.

– Kunstnaraksjonen vil no rette søkelyset på andre foreslegne kutt og tendensar som rører ved og får konsekvensar for kunstnarane. Det blir ei landsomfattande markering med mål om å styrke kunsten sine vilkår i vår nye politiske røyndom, opplyser Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane og NK VestNoreg.

Kunstnarane lovar å ta av plasten når aksjonen er ferdig, slik at det ikkje blir forsøpling.

Kunstaksjon i Dale

PÅ FERJEKAIA: Også i Dale aksjonerte kunstnarane. Dei oppmodar alle om å dekkje til kunst og boikotte kultur i dag – også bokhylla di heime.

Foto: Privat