NRK Meny
Normal

Kunst mot kreft

Anne Kari Faleide vart friskmeld frå brystkreft. No vil målarklubben hennar samle inn pengar til Rosa sløyfe.

- Eg opplever det som moralsk støtte, seier Faleide.

Ho vart i sumar frisk frå brystkreft. Dette var til stor glede for målarvenane hennar i Klubb 13. Ein klubb for amatørmålarar, kor dei nesten berre er kvinner.

Når dei no i helga skal ha salsutstilling har dei valt at eitt av bileta skal loddast ut, og at inntekta skal gå til Rosa sløyfe.

Anne-Kari Faleide

ANNE-KARI FALEIDE: I sumar vart ho friskmeld frå brystkreft, no samlar målarklubben hennar inn pengar til Rosa sløyfe.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Viktig arbeid

Faleide tykkjer dette er fint, og ho seier at organisasjonen gjer eit særs viktig arbeid.

- Det er viktig med forsking innanfor brystkreft. Dette er ei av dei kreftformene me verkelig kan gjere noko med, om ein oppdagar det i tide.

Ho har vore med i Klubb 13 i tre år no, og ho finn det å måle saman med dei andre medlemmane sosialt og utviklande.

Hardt ramma av kreft

Det er ikkje berre brystkreft som har råka Klubb 13. Eit av medlema ligg sjuk med lungekreft.

Kreftkampen er difor særs viktig for kunstklubben.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy