Hopp til innhold

Kunst i alle formar på UKM-utstillinga

55 utstillarar frå heile fylket stilte denne helga ut kunstverk under Fylkesmønstringa i UKM i Førdehuset. No er det klart kven som vert sendt vidare til landsmønstringa.

Kunstverket Empty under UKM Sogn og Fjordane

FOTO TIL LANDSMØNSTRING: Fotografiet til høgre har fått tittelen «Empty,» er tatt av Silje Larsen (16 år) frå Årdal. Dette er eit av dei som vert sendt vidare til landsmønstring i sommar.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard / NRK

Ein viktig del av Ungdomens Kulturmønstring er kunstutstillinga. Ungdom frå heile fylket deltok med ei stor og variert utstilling av kunst. Her kunne ein oppleve måleri, fotografi, installasjonar, byggverk, bunadskunst og mykje meir.

Imponerte juryen

Skulpturen «UGLE» (t.v) av Knut Isdal Lindstrøm (14 år) frå Lærdal.

Skulpturen «UGLE» (t.v) er laga av Knut Isdal Lindstrøm (14 år) frå Lærdal, og blir sendt vidare til landsmønstringa i UKM.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard / NRK

Juryen var fotograf Dagrun Reiakvam og glasblåsar og biletkunstnar Maria Hjelmeland.

-Vi er imponerte over breidden. Vi var også begeistra for fleire av verka til dei mellom 10 og 13, men desse er diverre for unge til å bli sendt vidare, seier Reiakvam. Dei som juryen sende vidare meiner dei at syner mangfaldet i teknikkar og tema, og er gode representantar for fylket.

Kunst under UKM
Foto: Signe Fuglesteg Luksengard, NRK

Dette er kunstverka som blir synt fram under landsmønstringa i sommar:

  • Bildeserien «Money makes the world go´round» og «I`m lovin´it» av 13 AM / Anton Behme ( 14 år), frå Flora.
  • illustrerte forteljinga «Reisen til planeten Kjeks» av Daniel Moen (18 år), frå Høyanger.
  • Fotografiet «Empty» av Silje Larsen (16 år) frå Årdal.
  • Skulpturen «UGLE» av Knut Isdal Lindstrøm (14 år) frå Lærdal.

- Alle desse kunstverka lovar godt for rekrutteringa til feltet, sa Dagrun Reiakvam i kunstjuryen etter at dei hadde bestemt seg for kven som går vidare til landsmønstringa.

Money makes the world go round - Anton Behme, Flora
Foto: Hanna Eide, Hafstad vgs