Hopp til innhold

Kunnskap er den nye skitrenden

Dei siste åra har mange investert i dyre ski, klede og anna utstyr. No har det også blitt in med kunnskap om frikøyring og skredfare.

Skikøyrarane er Steinar Nes, Ivar Løvik, Marta Lidström og Øystein Uglum Henjum var ute og testa tilhøva i Sogndalsdalen før Fjellsportfesftivalen som startar 21. februar. Fotograf er Håvard Nesbø

SJÅ VIDEO: Skikøyrarane er Steinar Nes, Ivar Løvik, Marta Lidström og Øystein Uglum Henjum var ute og testa tilhøva i Sogndalsdalen før Fjellsportfestivalen som startar 21. februar. Fotografar er Håvard Nesbø/Bård Basberg. Musikken er henta frå NRK P3 Urørt: Philter - Pl

Tor Yttri, Fjellsportfestivalen i Sogn

GLER SEG: Bratt Moro-sjef Tor Yttri er med på å arrangere Fjellsportfestivalen. Dei er i rute før det brakar laust på torsdag.

Foto: Arne Eithun / NRK

– Det er ein fantastisk trend at folk søkjer kunnskap og vil lære meir. Det gjer også status i miljøet. Eg tykkjer dette er veldig positivt og er ein trend vi merkar har blitt sterkare, seier Tor Yttri som er sjef for Bratt Moro.

Torsdag startar brakar det laust for den femte Fjellsportfestivalen i Sogndal.

Då inntek skiinteresserte frå både inn- og utland sognebygda. Fjellfolk i alle aldrar er klare for leik og moro i bratte fjellsider. Men slik aktivitet kan løyse ut ras og difor er det viktig at flest mogleg har kunnskap om frikøyring og rasfare.

Tor Yttri seier dei er nesten utselde for toppturar og det er stor interesse for kursa dei arrangerer.

– Tidlegare har folk kjøpt turar og kurs når dei har kome hit, no har vi seld veldig mange på førehand.

Gjer klokare val

Han merkar at skifolket er gode på sjølvjustis og at dei viser både omsorg og passar på kvarandre.

– Dei gir beskjed til dei som gjer feil. Det er sjølvsagt ingen som er interesserte i ulukker i fjellet.

Yttri trur ikkje folk utfordrar grensene meir enn dei gjer i dag, sjølv om dei har fått ny kunnskap.

– Nei, det er heller det motsette. Dei blir meir bevisste over farane og kva som kan føre til ulukker. Folk som har fått kunnskap, gjer klokare val. Toppturane blir gjennomførde med internasjonalt godkjende tinderettleiarar. Dei har god tid til å formidle kunnskapen sin på desse turane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Topptur til Steindalsnosi og Fanaråken

POPULÆRE: Interessa for toppturar har auka dei siste åra. (Arkivfoto)

Foto: Martin Hauge-Nilsen

Festivalpass-rekord

Nærare 100 personar har meldt seg på dei ulike kursa og turane som blir arrangerte. I tillegg er det seld over 1000 festivalpass.

– Dette tykkjer vi er veldig bra. Vi har aldri selt så mange pass på førehand før og festivalhotellet er smekkfullt.

Mildvêret mange stader har ført til stor snøskredfare. Tor Yttri seier nedbøren har kome som snø i fjellet og han trur på fine forhold når festivalen startar.

– Det er meldt lågare temperaturar slik at det stabiliserer seg. Vi har mykje snø i fjellet og alle aktivitetar går som planlagt. Vi tykkjer vi er maksimalt heldige i år, seier Yttri.