NRK Meny
Normal

Handballstjernene kunne vore i Spania - valde vesle Sandane

SANDANE (NRK): Kvinnelandslaget i handball valde vekk tidlegare reisemål som Spania og Ungarn, og har heller si VM-oppkøyring i den vesle bygda Sandane i Sogn og Fjordane.

Kvinnelandslaget på samling på Sandane

MEIR NORGE: Landslagssjef Thorir Hergeirsson, her under handballskulen som går parallelt med landslagssamlinga på Sandane, vil ha fleire samlingar i Norge, spesielt for å kunne inspirere unge handballtalent. Sjå TV-sak.

– Vi har det som plomma i egget. Fantastisk flott natur. Fjell og stiar. Frisk luft. Fantastisk idrettsanlegg, hallfasilitetar, styrke, fysisk trening, svømmehall og avkopling på land og vatn, seier landslagssjef Thorir Hergeirsson.

På denne tida av året har han vanlegvis handballandslaget med seg på samling i utlandet. Han skulle gjerne vore meir i Norge.

– Utanlandssamlingane er eigentleg mot vår vilje. Men det er billegare, og det har vore vanskeleg å skaffe engasjement og frivillig arbeid til å kunne drive samlingar i Norge. Dette er eit flott initiativ frå region vest, Gloppen og Sandane.

Viktig samling før VM

Camilla Herrem sjekka ut treningsanlegget på Trivselshagen på Sandane i dag, og ho er imponert over fasilitetane.

– Det er eit knallfint anlegg. Her har me handball, styrke, svømming, badstove og turnhall, og hotellet er fem minutt unna. Me har vore veldig mykje i utlandet no, så det er godt å få kome til Noreg og få ei veke her.

I eit normalår har handballjentene rundt 75 dagar saman, inkludert meisterskapar og reisedøgn. På Sandane får dei ei heil veke saman, den lengste samlinga før kvalik i oktober og VM i Danmark i desember.

– Det er viktig for samspelet og det som skal skje vidare. Så er det fantastisk at vi har to kampar, for det treng vi etter ferien, seier Herrem.

Camilla Herrem

VIKTIG SAMLING: Camilla Herrem, her frå styrkerommet i Trivselshagen, kallar samlinga svært viktig i oppkøyringa til VM i desember.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Vil inspirere unge med å vere meir i Norge

Det er varsla rundt 1500 tilskodarar til kampane mot Russland på fredag og laurdag. Herrem ser fram til å spele den første kampen i litt meir intime omgivnader enn det ho er vand med.

– Det er ikkje plass til 6–7000 her inne, så det er perfekt at det er intimt og at vi høyrer publikum litt meir. Det betyr mykje for oss som spelar at det er folk på tribunen, seier ho.

Samstundes med samlinga, held lokale arrangørar handballskule for 90 unge, håpefulle. Thorir Hergeirsson opna handballskulen, og tre landslagsspelarar hadde kvar si økt med talenta.

– Vi hadde ønska å vere meir i Norge, by meir på oss, og inspirere unge handballspelarar. Eg håpar på fleire slike samlingar i framtida, seier landslagssjefen.

Sandane

SANDANE: Kompakt, fin natur og gode moglegheiter til avkopling, skryt Thorir Hergeirsson. Ikkje minst får fasilitetane i Trivselshagen (midt i biletet) toppkarakter frå landslagssjefen.

Foto: Jørgen Eide / NRK
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast