Hopp til innhold

Han kunne ikkje love noko som helst

Statssekretær Bård Hoksrud kunne ikkje love verken det eine eller det andre då han gjesta stamvegkonferansen i Førde i dag. Og det var for så vidt politikarane budde på.

Bård Hoksrud på E39-konferanse i Førde, her saman med Oddmund Klakegg

KUNNE IKKJE LOVE NOKO: Bård Hoksrud (Frp) gjesta E39-konferansen i Førde fredag. Her saman med Oddmund Klakegg, ordførar i Jølster.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er alltid slik at når ein statssekretær kjem, så er det lite lovnader dei kan kome med, seier stamvegutvalsleiar Jenny Følling (Sp).

Men det betyr på ingen måte at politikarane la band på seg med sine krav.

Vil ha ein milliard i året – i ti år

Då statssekretær Bård Hoksrud frå Framstegspartiet i dag var gjest på E39-konferansen i Førde vart han nemleg møtt med millionkrav frå dei lokale politikarane.

Frp har hatt veg som ei av sine fanesaker, og Jenny Følling og dei andre håpar statsråden kan sikre meir til den viktige hovudfartsåra langs kysten.

– Av strakstiltak ber vi om oppstartsløyvingar til Bjørset-Skei i 2015, og planmidlar til Langeland-Førde-Moskog. I tillegg vil vi ha 20 minutts avgangar på ferjene langs E39, ramsar Sp-politikaren opp.

I tillegg til desse strakstiltaka vil dei ha meir på sikt.

– Av langsiktige tiltak vil vi ha ein milliard kroner i ti år, for å sikre gul midtstripe og stamvegstandard, seier Følling.

– Kan ikkje love noko her og no

Men kanskje ikkje overraskande, dei konkrete krava fekk ingen konkrete lovnader.

– Eg forstår veldig godt stamvegutvalet. E39 har høg prioritet og er viktig også for regjeringa. I 2014 auka vi løyvingane til planlegging med 141 millionar kroner, men så er det budsjettforhandlingane for 2015 som avgjer korleis det blir sjåande ut, seier statssekretær Bård Hoksrud.

Han legg til at det ikkje er noko tvil om at regjeringa vil auke løyvingane til planlegging, men.

– Eg kan ikkje her og no love at det eller det prosjektet frå pengar, seier Frp-politikaren.

Bad om 40 millionar

Jølster-ordførar Oddmund Klakegg bad konkret om 40 millionar kroner for å starte opp arbeidet med utbetring av E39 på strekninga Bjørset-Skei.

– 40 millionar kroner er jo ikkje så mykje, kan du love det?

– 40 millionar kroner høyrest ikkje så mykje ut, men det er kamp om planleggingsmidlane, seier Hoksrud og held fram:

– Eg synest dette er eit kjempespennande prosjekt som er etterlengta, og eg tek med meg signala tilbake. Så får vi sjå når budsjettet for 2015 kjem.

– Håpar han tek med seg signala

Desse svara kom ikkje spesielt overraskande på Jenny Følling, som likevel meiner det er viktig at dei står på krava.

– Eg håpar han har hatt øyra opne og høyrer godt, slik at han tek med seg desse signala inn i budsjettarbeidet for 2015 som startar no, seier Sp-politikaren.

Inga avgjerd om traseval i Nordfjord

Det var før møtet også knytt stor spenning til om avgjerda om E39-trase gjennom Nordfjord endeleg ville kome. Men det gjorde den ikkje.

– Regjeringa jobbar så raskt dei kan med dette, og vil kome med avgjerda når saka er endeleg handsama, seier Hoksrud.

Han er samtidig klar på at politikarane i departementet er fullt klar over at avgjerda bør kome så fort som mogleg.

– Vi har fått veldig mange innspel, og det er stort engasjement rundt denne saka. Det er ei viktig avgjerd, og difor er det viktig at vi gjer det på ein god og skikkeleg måte.

– Men eg trur det er viktig for Sogn og Fjordane, med den store usemja rundt dei to alternativa, at den kjem på plass raskt.

Noko eksakt tidspunkt for når avgjerda kjem kan ikkje Hoksrud kome med, og viser til at det er sagt at avgjerda skal kome i løpet av våren.