NRK Meny
Normal

Kunne ha ført til lågare prisar, men han vil ikkje slå saman nettselskapa

Per A. Kjøllesdal (Sp), styreleiar i i SFE, vil ikkje ta steget heilt ut og slå saman nettselskapa til SFE og BKK. Det ville gitt kundane hans lågare nettleige, men Kjøllesdal meiner det er andre løysingar som er betre.

Per Kjøllesdal

VIL HA LÅGARE NETTLEIGE: Styreleiar Per A. Kjøllesdal i SFE vil ha eit utjamningsfond for å få redusert nettleiga til straumkundane i Sogn og Fjordane.

Foto: Silje Guddal / NRK

Val

I august vart det kjent at ei arbeidsgruppe går inn for å slå saman kraftproduksjonsselskapa til Sogn og Fjordane Energi (SFE), BKK og deler av Hydro. Saman vil dei kunne produsere straum for over 600.000 husstandar.

Betalar det doble

Men ein slik fusjon vil ikkje gi lågare nettleige. Kraftselskapa er pålagde å skilje produksjonen og drifta av nettet i eigne selskap. Det betyr at berre samanslåing av nettselskap kan gi redusert nettleige som følgje av at det vert fleire kundar å dele driftskostnadene på.

I valkampen har storleiken på nettleiga blitt ei heit potet. Mange er misnøgde med at straumkundar i blant anna Sogn og Fjordane må betale vesentleg meir enn kundar i meir folkerike område.

I dag betalar straumkundar til dømes hos SFE kring det doble i nettleige av det ein kunde hos bergensbaserte BKK betalar.

Frp: – Slå saman

Både Arbeidarpartiet og Senterpartiet lovar å få til ei utjamningsordning om dei kjem til makta etter valet. Framstegspartiet på si side trur einaste måten ein kan få likare prisar på nettleige, er å slå saman selskapa til større einingar.

– Det er rundt 100 nettselskap i landet i dag. Med større selskap vil prisen bli likare, og dei vil også kunne drive meir effektivt enn i dag, seier Dalsbotten.

Trur ikkje bergensarane vil god høgare nettleige

Hos det største kraftselskapet i Sogn og Fjordane, SFE, er ei ytterlegare samanslåing av verksemda med BKK ikkje noko tema i dag. Styreleiar og Sp-politikar Per Atle Kjøllesdal, meiner det er andre løysingar som er svaret på utfordringane. Han og SFE vil heller ha eit statleg utjamningsfond.

– Eg ser ikkje det store poenget i å løyse ein systemfeil med å slå saman selskap. Det einaste vi opplever då er at vi smør urettferdigheita utover fleire. Eg er ikkje sikker på om kundane i Bergen vil betale meir i nettleige for å jamne ut prisane i Sogn og Fjordane. Problemet med nettleiga i dag er tariffsystemet som gjer at kundar i Sogn og Fjordane må betale for å føre straumen over til Austlandet. Det er dette problemet vi må kome til livs. Å slå saman nettselskapa til BKK og SFE er ein dårleg ide.

– Arbeidsplassar kan forsvinne

– Kvifor er det ein dårleg ide?

– Å ha eit eige nettselskap i Sogn og Fjordane er eit stort gode for området. Det er viktig infrastruktur og viktige arbeidsplassar. Ved ei samanslåing kan både verdiar og arbeidsplassar forsvinne ut av fylket, hevdar Kjøllesdal.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.