NRK Meny
Normal

Kundar rasar mot Telenor

To veker etter uveret Dagmar, er framleis folk utan fasttelefon. Telenorkundar er kritiske til at dei ikkje har fått tilbake summetonen.

Tre over telelinjer i Olden

RYDDA SKOGEN: Jogeir M. Agjeld i Olden var sjølv ute for å rydde opp skog som hadde falle ned på linjene.

Foto: Jogeir M. Agjeld

Marit Nore Sørhaug på Bryggja i Vågsøy er ei av mange som er irritert på Telenor. Sjølv om ho har mobiltelefon, så meiner ho at fasttelefonen er viktig. Ho er mest uroa for dei eldre som berre har fasttelefon.

– Det er nesten krise for alle at vi ikkje har fått summetonen tilbake. Vi er ganske avhengig av den og vi er mange som står utan fasttelefon no, seier ho.

Ho forstår at teleselskapet treng tid på opprydding og feilretting, men ikkje at det skal ta så lang tid.

– I 1992 var vi nesten ikkje utan fasttelefon etter orkanen. Eg meiner Telenor har for lite folk ute til å rette opp feila.

– Altfor lenge å vente

Ho har fått beskjed om at dei skal få telefonen tilbake 19. januar. Det tykkjer ho er altfor lenge til. Ho er så lei at ho har vurdert å seie opp heile abonnementet.

– Det har eg sagt til Telenor også, for eg føler dei ikkje greier å ivareta kundane sine og fylle vilkåra.

– Heilt på bærtur

Litt lenger inn i Nordfjord er Jens Bjørhovde frå Haus i Eid like irritert.

– Vi har vore utan fasttelefon og breiband sidan 1. juledag.

– Kva tenkjer du om det?

– Det er heilt på bærtur. Vi fekk igjen straumen etter 48 timar, og her sit vi framleis utan fasttelefon.

Har inga forståing

Han har mobiltelefon, men der han bur er dei plaga med dårleg dekning. Det er berre visse stader i huset han kan bruke den. Også Bjørhovde er uroa for eldre som ikkje har mobiltelefon i det heile teke.

– Eg lurer på kva Telenor styrer på med. Vi får heller ikkje gode nok opplysningar om når feilen skal vere fiksa. Siste vi har fått beskjed om, er at feilen kanskje er retta til 20. januar.

– Men har du ikkje forståing for at det tek tid å reparerer alle feila etter uveret?

– Nei, det har eg ikkje. Straumen var jo oppe igjen rimeleg raskt.

Slit med treigt mobilt breiband

Og utan internett blir det problem for ungane som skal gjere lekser og sende inn via nettet.

– Vi har prøvd med mobilt breiband, men vi har berre 2g her. Det er så treigt at vi kan ete middag før ei side er ferdig lasta.

Rydda skogen sjølv

I Olden i Stryn har Jogeir M. Agjeld i Olden vore ute og rydda skog som hadde ramla ned på telefonlinjene. Det gjorde han allereie 3. juledag.

– Nokre brot er allereie reparerte, men enno er det meir å feilrette.

Også han har mobildekning, men har fasttelefon som ekstra tryggleik.

– Vi har fasttelefon fordi vi meiner vi har bruk for den. Vi har aggregat på garden i tilfelle straumen går, slik har vi fasttelefon som back up dersom mobiltelefonen skulle vere ute.

Men framleis manglar summetonen og Agjeld veit ikkje når den kjem tilbake.

– Telenor skuldar på straumleverandøren, utan å innrømme at deira eige linjenett er dårleg. Eg meiner Telenor ikkje forvaltar telenettet på ein god nok måte.

– Det er berre å skøyte

Også i Fjaler er det abonnentar utan fasttelefon. I bygda Guddal er det sju husstandar som framleis er utan telefon. Ein av dei er Anton Guddal. No sit dei utan internett og fasttelefon, noko dei har gjort sidan 1. juledag.

– Heile tida har vi fått beskjed om at «i morgon» skal det bli i orden. Den siste datoen vi har fått er den 10. januar. Vi skal jo vere vår eigen bank og det er fleire ting som skal leverast via nettet, og no sit vi her utan Internett.

Han har vore ute og rydda vekk ein rotvelt, slik at det skal vere enkelt å fikse feilen.

– Det er berre skøyte kabelen og så henge den opp. Kjem dei ikkje snart, så klatrar eg opp sjølv, seier han.

Brot på sjøkabel

Bjørn Amundsen, dekningsdirektør i Telenor Norge

FORSTÅR FRUSTRASJONEN: Men dekningsdirektør Bjørn Amundsen seier det tek tid å bytte ut øydelagd kabel.

Foto: Telenor

Dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor har forståing for at folk blir leie.

– Men eg håper dei forstår at det tek tid når kilometer med skog skal ryddast og svært mykje kabel må byttast ut, seier han.

Amundsen seier det var 13 fastnettkundar i Sogn og Fjordane som var ute telefon den 5. januar, mot 96 dagen før. I tillegg var sju basestasjonar ute.

– På enkelte strekningar er det mange stader vi må skøyte. Fiksar vi ein feil, har vi ofte oppdaga feil andre stader på linja også.

Det er også brot på ein sjøkabel, slik at Telenor må vente på eit kabelskip.

– Det tek lang tid å bytte å fikse ein øydelagt sjøkabel. Det håper eg folk forstår, seier Amundsen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser