Bokbåten manglar 300.000 kroner for å kunna gjennomføra turneane i 2003. Årsaka til pengekrisa er manglande statstilskot og dyrare båtleige.
Fortvila
Stig Holmås og mange med han er fortvila over at Bokbåten EPOS snart kan ha reist sin siste tur i Sogn og Fjordane. No er det først og fremst fylkespolitikarane og dei involverte kommunane som må bla opp.
Staten har nemleg i fleire år trappa ned dei øyremerka tilskota til båten, tilskot som forsvinn heilt i 2005. På møtet i hovudutvalet for kultur på onsdag blir EPOS tema, men det er først nårt budsjettet for neste år skal syast saman ein får vita om politikarane finn dei pengane som skal til.
Sagt opp avtalen
Situasjonen vart ikkje betre av at båteigaren i Strandebarm i Hordaland nyleg har sagt opp avtalen frå og med september 2003, dersom ikkje leigetakarane betalar den summen han må ha for neste sesong. Det er snakk om å finne 300.000 kroner.
Stig Holmås ber no politikarane om bla opp desse pengane for å redde eit kulturtilbod som faktisk er unikt i Europa.