Hopp til innhold

Fleire slår alarm om at kulturminna er truga

Kulturminne langs Nærøyfjorden er truga av bølgjer frå stadig fleire cruiseskip og raske RIB-båtar som fraktar turistar i verdsarvområdet om sumrane, meiner Statens Naturoppsyn.

Dee Cunningham

UROA: Padlar og guide Dee Cunningham er uroa over skadane bølgjene frå båtane gjer med kulturminna langs land ved Nærøyfjorden.

Foto: Steinar Lote / NRK

No slår Kristoffer Ullern Hansen i Statens Naturoppsyn alarm. Dei meiner kulturminne langs Nærøyfjorden står i fare for å bli vaska vekk.

– Det er veldig mykje trafikk på Nærøyfjorden, av alle slags båtar, både store og små. Den samla effekten av det skaper ei belastning, seier Ullern Hansen.

Postvegen frå 1600-talet, som i Nærøyfjorden fleire stader går heilt nede ved vasskorpa, er blant kulturminna som står i fare. I tillegg har fleire hundre år gamle murar, naust og bryggjer langs verdsarvfjorden teke skade.

Turistguide merkar skadane

I 2002 blei fartsgrensa i den trongaste delen av fjorden sett til åtte knop for store båtar. Målet var nettopp å hindre at bølgjer frå cruisetrafikken skulle øydeleggje kulturminna. Spørsmålet er om tiltaket har fungert.

– Fartsgrensa har heilt sikkert hatt ein effekt, for det er vanskeleg å seie korleis det ville vorte utan mindre fart. Men det er tydelegvis ikkje nok, seier Ullern Hansen i Statens

Dee Cunningham bur på Stigen i Aurland og driv mellom anna med guida fot- og padleturar i området. I tillegg til at bølgjer og støy frå båtar legg ein dempar for opplevinga til padlarane, er også han uroa for at kulturminna skal forsvinne.

– Når du padlar langs land og opplever på nært hald dei gamle kulturminna, så gjer det turen til ei stor oppleving. Når du padlar får du ofte ikkje ro til å nyte det på grunn av lyd og bølgjer. Vi merkar det og sjølvsagt utvasking av strandlina.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nærøyfjorden

TRUGA: Kulturminne langs fjorden er truga av bølgjer frå mykje båttrafikk, meiner Statens Naturoppsyn.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

– Vi skal ha ein gjennomgang

Noralv Distad

GJENNOMGANG: Ordførar i Aurland kommune, Noralv Distad, tek meldingane på alvor.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

NRK har fått tilgang til fleire brev frå ein grunneigar som er svært uroa for skadane frå bølgjene.

Noralv Distad er ordførar i Aurland kommune og leiar av styret for Nerøyfjorden verneområde. Han fortel at dei har fått meldingar om at nokre er uroa for stor skade der.

– Det er nok alltid ein naturleg erosjon. Men me ser at det også er betydeleg båtferdsle på fjorden.

Han seier det no er viktig å få fakta på bordet, før ein gjennomgang til hausten.

– Me legg skal undersøke skadane som er rapportert inn. Me skal også ha møte med dei som trafikkerer fjorden, seier Distad.