Hopp til innhold

Kulturkritikar rosar operaen i Eid

– Opera Nordfjord er eit kulturelt mirakel som har hatt nærmare 60 000 besøkjande på 15 år, seier kulturkritikar Jan H. Landro.

Opera Nordfjord med tryllefløyten i Oslo

SUKSESS: Opera Nordfjord vert skildra som eit kulturelt mirakel med sine nær 60.000 besøkjande sidan oppstarten for 15 år sidan.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Landro som jobbar i Bergens Tidende, viser til at hadde interessa for Opera Nordfjord vore tilsvarande i Oslo, hadde operaen der vore sprengt kvar dag.

Jan H. Landro

KRITIKAR: Jan H. Landro.

Foto: Per Onsheim / NRK

– Det er imponerande og grenser til det naturstridige når vi tenkjer på at når dei byrja i 1998, så var opera nesten eit framandord. Her har det skjedd eit kulturelt mirakel, seier han.

Dugnad, begeistring og kompetanse

Sidan oppstarten i 1998 har Opera Nordfjord hatt 151 framsyningar og konsertar, og til saman har dei underhalde rundt 60 000 publikummarar viser nye tal. Den tidlegare kulturredaktøren i Bergens Tidende meiner dette er imponerande.

– Dersom interessa for opera var representativ for landet som heilskap, ville operaene i Oslo vore sprengd kvar einaste dag.

Ingebjørg Erikstad

DIREKTØR: Ingebjørg Erikstad.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Landro trur det er ein viktig nøkkel til suksessen.

– Det er ekteparet Pavelich. Her har du folk som brenn for dette og som har kompetanse. Dei har klart å få andre med seg og har skapt naudsynt begeistring. Her har det også gått mykje på dugnad.

Glad for gode tal

Kari Standal Pavelich

OPERASJEF: Kari Standal Pavelich.

Foto: Trond Vestre / NRK

Også fylkeskulturdirektør Ingebjørg Erikstad lovprisar Opera Nordfjord. Ho meiner operaen er både inviterande og inkluderande.

– Dei inviterer oss inn for å oppleve god kunst og kultur. Det smittar over på oss som publikummarar.

Kari Standal Pavelich sjølv er glad for gode besøkstal.

– Det er kanskje eit lite mirakel. Vi har besøk av alle slags folk i alle aldrar. Det er det vi er mest stolt av, seier ho.