Hopp til innhold

Kulturlivet får 57 millionar kroner

Kulturlivet i Sogn og Fjordane får 4,5 millionar kroner meir dersom regjeringa får gjennomslag for statsbudsjettet for 2013.

Førdefestivalen, Opera Nordfjord og Norsk Country Treff

KULTUR: Førdefestivalen, Opera Nordfjord og Norsk Country Treff er dei tyngste kulturaktørane i fylket i regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett.

Foto: Montasje: Ingvild Nave-NRK/Stig Høynes/Runar Sandnes

Med ei samla løyving på 57,4 millionar kroner til kulturen i fylket, reiser Musea i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane Teater med over halvparten av potten. Dei to får til saman 43 millionar kroner.

Med ein auke på 100.000 kroner er operasjef Kari Standal Pavelich i Opera Nordfjord skuffa over lite satsing på distriktsoperaen.

– Vi hadde håpa på ein halv million i dag, men ser at vi berre får til prisveksten, seier Pavelich til NRK.no.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Kulturkroner (i 1000 kroner)

Tiltak

Vedtak 2012

Endring

Framlegg 2013

SUM

 52 908

 4 563

 57 471

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

4 903

562

5 465

Musea i Sogn og Fjordane

23 886

2 400

26 286

Nordisk kunstnarsenter Dale

2 884

500

3 384

Opera Nordfjord

3 281

108

3 389

Ressurs- og kompetansesenter for countrymusikk, Breim

1 200

440

1 640

Sogn og Fjordane Teater LL

 16 754

 553

 17 307

– Må revurdere planar

Operasjef i Opera Nordfjord, Kari Standal Pavelich

SKUFFA: Operasjef Kari Standal Pavelich

Foto: NRK

Opera Nordfjord har i år satsa stort på Giacomo Puccinis Madame Butterfly. Dei har sett opp ti framsyningar, men billettsalet har svikta så langt med 1.100 ledige seter når fire framsyningar står att.

At dei får mindre enn venta, totalt 3,3 millionar kroner gjennom framlegget til statsbudsjett, gjer ikkje situasjonen noko betre. Operasjefen seier dei må vurdere å utsette planar om utvikling av nye prosjekt.

– Vi skal ha styremøte seinare i veka, men vi må nok revurdere tal framsyningar og programmet vårt, seier Pavelich.

Fekk meir enn venta

I Gloppen derimot er Norsk Country Treff på Breim overraska over at dei ligg inne med 1,6 millionar kroner. Det er ein auke på nær ein halv million kroner i høve til fjoråret.

Løyvinga som ligg inne er større enn countryfestivalen hadde søkt om. Dagleg leiar Eva Hage Solstad seier dei mellom anna jobbar med planar om ei form for talentutvikling som dei vonar endar opp i ein talentkonkurranse.

– Det var veldig gledeleg. Det gir oss moglegheit til å vidareutvikle Norsk Country Treff etter dei planane vi har skissert, seier Solstad.