Hopp til innhold

Kulturelt kjempeløft i Bremanger

Sirkus Bremanger rørte og samla kommunen.

278 sceneaktørar underhaldt publikum

Sirkus Bremanger rørte og begeistra.

Foto: Eivind Nordvik Hauge

- Det er det største eg har vore med på, seier ein stolt og lukkeleg sirkusgeneral Svein Arild Vatsø.

Laurdagskveld var 1200 personar frå Bremanger samla i Bremangerhallen for å få med seg kanskje det mest uvanlege kulturarrangementet kommunen har hatt.

- Årtusenets bygdefest

- Det var så mykje glede blant alle etterpå. Eg trur alle er stolte over at dei kjem frå Bremanger etter å ha sett noko slikt.

Til saman 278 kulturaktørar frå heile kommunen, 40 tonn med utstyr, storskjermar som viste live bilete. Alle effekter vart tekne i bruk for å gjere Sirkus Bremanger til ei storhending som aldri vil gå i gløymeboka for dei som bidrog eller hadde løyst billett.

Ville drepe bygdedyret

- Det er eit bygdedyr her i Bremanger, men avstanden mellom folk vert mindre med den festen her. Det har vore eit felles kulturløft der så mange har bidrege. Representantar frå heile kommunen har drege lasset i lag.

Mykje av målet bak festkvelden var å samle ei kommune som er svært oppdelt. Dårlege kommunikasjonar og få ferjeavgangar gjer at samhaldet i kommunen kan bli sett på prøve.

Vatsø ville samle så mange kulturaktørar i kommunen som råd, i tillegg til utflytta profesjonelle musikarar. Tanken er at om ein får til noko i lag vert den mentale avstanden mindre.

Born under Sirkus Bremanger

Folk i alle aldrar og frå heile kommunen underheldt.

Foto: Eivind Nordvik Hauge

- Sjølv eg som bur her og er frå Kalvåg kjenner nesten ikkje folk frå Svelgen, seier 27-åringen.

Unikt arrangement

Sirkus Bremanger romma heile 30 innslag frå ei scene på over 200 kvm inne i Bremangerhallen. Forventningane var skyhøge, men Vatsø fortel om publikum som både vart stolte og rørte. Programmet var hemmeleg heilt fram til opninga som eit reint marknadsføringstriks.

- Dette har vore eit felles kulturløft og tilbakemeldingane har vore fantastiske

Overskot tilbake til lokalsamfunnet

- Målet har vore å lage eit helsikes show. Overskot og økonomi har ikkje vore målet, og pengane frå overskotet vil gå til Bremangerhallen, seier Vatsø.

- Vil dette gjentakast?

- Arrangementet skal i alle fall evaluerast skikkeleg. Vi vurderer også å selge ein dvd-film av festen. Det fristar til gjentaking, men dette går ikkje kvart år, det seier nesten seg sjølv.