I alt har mannen hatt befatning med 76.645 bilete og 165 videofilmar med ei total speletid på 22 timar og 13 minutt.
– Retten tar utgangspunkt i at det er snakk om eit høgt tal bilete og videoar og det representerer i seg sjølv ei fare for spreiing, skriv Sogn og Fjordane tingrett i ein fersk dom.
Kulturarbeidaren, som blant anna har jobba med kulturprosjekt retta mot barn, la alle korta på bordet i retten. Han innrømma at han i ein periode på to år lasta ned dei store mengdene med overgrepsmateriale.
Retten er tydeleg på at mannen ikkje har hatt planar om å dele bileta og filmane vidare og at det dreier seg i stor grad om barn som poserer.
Etter at mannen blei sikta i 2017 skal han ha tatt aktive grep for å klare å avslutte den ulovlege aktiviteten.
– Det er tale om materiale som seksualiserer barn, skriv tingretten.
Mannen er no dømd til eitt år og to månader i fengsel for lovbrota.