Hopp til innhold

Kuldesjokk i fjellet – åtvarar mot skitur

Mykje vind og Sibir-kulde gjer at meteorologen ber deg om ikkje å legge ut på tur i fjellet.

Skitur

UNDER 20 MINUS: På Hardangervidda og Sognefjellet er det 20 minusgrader på tysdag, og verre kan det bli.

Foto: Scanstockphoto

– Vi må rekne med mykje vind og veldig låge temperaturar. Dei neste dagane blir enda kaldare. Allereie på onsdag kan temperaturen falle med fem grader til, seier statsmeteorolog Frode Hassel.

Tysdagen starta iskaldt fleire stadar i landet, og det kjem av kaldluft heile vegen frå Sibir i Russland. Kombinasjonen av kraftig vind og kulde kan gjere det farleg å ferdast i fjellet.

– Ikkje legg ut på lange skiturar i fjellet i Sør-Noreg no. Sjølv ein kort tur kan bli utfordrande ved sterk vind, men ved vindstille vil det likevel vere frykteleg kaldt, seier Hassel.

Frode Hassel

STATSMETEOROLOG: Legg ikkje ut på lang skitur i fjellet i Sør-Noreg, seier meteorolog Frode Hassel.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

– Får du motorstopp, så kan det fort bli skummelt

Det er sendt ut OBS-varsel om sterk vind i fjellet i Sør-Noreg. Den sterke vinden gjer at det er stengt på rv. 7 over Hardangervidda og kolonnekøyring over E134 Haukelifjell.

– Det er kaldt på fjellet no. Ta gjerne ein ekstra sjekk på bilen før du legg ut på tur. Det kan vere lurt å sjekke kjølevæske, seier trafikkoperatør Kjetil Molvær.

Skal du mellom aust og vest, så gjer du lurt i å køyre på dagtid når temperaturen er nede i 20 minusgrader.

– Køyr når det er mest trafikk. Får du motorstopp og er aleine, så kan det fort bli skummelt i kulda. Det kan vere lurt å tenke over at batteriet på smarttelefonar vert fortare tappa ved minusgrader, seier Molvær.

Laster Twitter-innhold